Kunst for kidz og kvarmann

Eitt av Svein Nyhus sine bilete som blir viste på utstillinga.

Eitt av Svein Nyhus sine bilete som blir viste på utstillinga.

Artikkelen er over 3 år gammel
DEL

Har du nokon gong tenkt på at bileta i bøkene du les er laga av ein kunstnar?

Flora Kunstlag, Flora Folkebibliotek og Kulturkontoret har gått saman om ei utstilling proppa full av magiske illustrasjonar frå ulike barnebøker. Utstillinga vert sett opp i foajeen på Flora Samfunnshus og du kan stikke innom og kike på den i huset sine opningstider.

Her er det mykje forskjellig - monster, flygande gamle damer, Emil og Pippi, og nokon som er forelska, til og med.

Ønskjet er å sette fokus på kunsten vi har rundt oss til dagleg, men som mange av oss kanskje ikkje tenker på som kunst.

Dette er ei utstilling både for små og store, og dersom du blir inspirert til å prøve deg som illustrastør sjølv, blir det sett fram teikneutstyr og laga til utstillingsvegg til kunstverka som vert produserte der.

Dette er dei kunstnarane som viser fram bilete på utstillinga:

Lisa Aisato (i samarbeid med Galleri Graff): Barnebokforfattar, billedkunstnar og illustratør for blant andre Cappelen Damm, Gyldendal og Dagbladet Magasinet.

Stian Hole: Grafisk formgjevar, illustratør og barnebokforfattar som mellom anna har motteke Bokkunstprisen. Han illustrerar også plakatar, cd-cover og frimerker.

Gunvor Rasmussen: Ho arbeider frilans som illustratør for mellom andre Bergens Tidende, Samlaget, Skald Forlag og har gjort animasjonar for NRK3. Ho har vunne fleire prisar for illustrasjonane sine.

Svein Nyhus: Prislønt illustratør og barnebokforfattar med fleire utgjevingar saman med kona si, forfattaren Gro Dahle. Nyhus har motteke ei rekke utmerkingar for arbeidet sitt, deriblant Bokkunstprisen.

Utstillinga opnar torsdag 28. februar og kunstlagsleiar Oda Alisøy les høgt frå ei av bøkene som er representerte. Det vert enkel servering og utstillinga vert hengande på samfunnshuset fram til 12. februar.

Artikkeltags