Gå til sidens hovedinnhold

Filmmusikk med kulturskulen

01. april 2017, kl. 13:59

Dansken Bent Fabricius-Bjerre har laga musikken til filmar som Olsenbanden og Flåklypa. Fredag kveld hylla Flora kulturskule sitt strykeorkester og treblåsarar frå Floraskulen Brassband musikken hans på Flora samfunnshus. Kultursjef Roald Leivestad var kveldens konferansier og knytta saman musikken med artige fakta om filmane eller tv-seriane den er henta frå.