I samband med Florø Filmklubb sin filmfestival «FIFFEN» viste Flora Historielag torsdag kveld fram gamle filmar frå Florø på 1960-talet. Dei hadde forventa mellom 80 og 100 publikummarar, men folket strøyma til Flora samfunnshus. Over 250 møtte opp for å få med seg eit historisk tilbakeblikk til Florø i gamle dagar.

– Ikkje HD-kvalitet

– Vi hadde eigentleg tenkt å vise filmane i biblioteket, men skjønte etter kvart at vi måtte utvide til dei større salane. Men at det skulle komme så mange, hadde vi no aldri trudd, seier ein nøgd leiar i Flora Historielag, Reidar Brandsberg, medan det blir sett inn rad på rad med ekstra stolar.

Opptaka er det Kåre Botnmark som har filma. Botnmark arbeidde som fotograf for Olav Sande i fotohandelen han dreiv på Sandane. Etter kvart flytta Sande verksemda si til Florø. Han kalla fotohandelen sin for Vest Foto, og i 1946 overtok Botnmark denne. Torsdag kveld var første gong filmane til Botnmark blei vist for eit publikum.

– Eg minner om at det ikkje er HD-kvalitet de får sjå i kveld, sa Brandsberg til latter frå salen.

Mest populære festivalvisinga

Filmane hadde ikkje lyd, men publikum fekk i staden Grethe Stavø som «voice-over». Saman med Harald J. Stavang og Kristian Jansen hadde ho gjort nøye forarbeid for å få lagt inn dei rette kommentarane. Ho fortalde med stor iver om hendingar, arkitektur og ikkje minst, folk. Det var sistnemnde som engasjerte publikum aller mest.

Praten gjekk blant dei mange hundre i salen og det var stadig vekk kommentarar å høyre om kven dei kjende att. Og var det ein sjeldan gong eit namn som var feil eller noko anna som ikkje stemde, så kunne du vere trygg på at publikum tok oppgåva og retta opp i dette.

Leiar i Florø Filmklubb, Arne Hjorth Johansen, seier at dette blei den mest populære visinga under filmfestivalen:

– Dette var ein suksess over all forventning. Vi arbeider gjerne saman med historielaget igjen, seier Johansen.

Det er Sogn og Fjordane fylkesarkiv som har digitalisert filmane, ved hjelp av Steinar Hilde som driv med digitalisering av historisk film på heiltid. Og til dei som ikkje fekk vere til stades i går: Fylkesarkivet skal etter planen legge ut filmane på nett i løpet av 2018.