Er dette ein av Europas beste festivalar?

OPPVARMING: Dei siste åra har Førdefestivalen også dukka opp med konsertar i Florø, som her på Blomsterhagen i 2015. No kan festivalen vinne prestisjetung pris.

OPPVARMING: Dei siste åra har Førdefestivalen også dukka opp med konsertar i Florø, som her på Blomsterhagen i 2015. No kan festivalen vinne prestisjetung pris. Foto:

Førdefestivalen er i tetsjiktet når Europas beste festival snart skal kårast.

DEL

Over 700 festivalar rundt om i Europa er nominert, og 24 av dei står att på ei eksklusiv liste. Den skal no vurderast både av fagfolk og publikum før Europas beste festival blir kåra.

På denne lista står Førdefestivalen, som i 30 år har sett verdsmusikk på dagsorden på imponerande vis.

Førdefestivalen er Skandinavias største festival for akustisk verdsmusikk. Omlag 300 artistar frå heile verda vert presentert frå 30 scener gjennom 80-100 ulike festivalarrangement for om lag 26.000 besøkande kvart år, og årets festivalhelg er 3.-7. juli

-På lista over dei 24 festivalane er Førdefestivalen korta ned til Förde, men det er framleis oss, og vi kjem sjølvsagt til - gjennom alle våre kanalar -  å oppmode folk om å stemme på oss. Det hadde jo vore utruleg stas om vi kunne gå til topps, seier Per Idar Almås, som i år presenterer sitt aller første program som direktør for Førdefestivalen.

Her kan du lese meir om festivalane og korleis du kan vere med å påverke publikumskåringa.

Konkurransen er laga av Euorpean Festivals Association og er støtta av Europakommisjonen.

Artikkeltags