Fredag kveld var det duka for tidenes første Kinnfest - ein ny festival utandørs ved Kinn Bryggeri i Botnaholten. Festivalen vart arrangert i eit samarbeid mellom Kinn Bryggeri, Byen Vår Florø og bandet Skambankt.

– Dette er kule omgivnader, det er kjekt å kunne kombinere bryggerilokala med ein festival. Forhåpentlegvis blir det folkefest i dag! Dette kan bli særdeles hyggeleg for alle involverte, sa Terje Winterstø Røthing, vokalist i Skambankt, til Firdaposten før festivalen.

– Vi har snakka om å gjere noko saman med Kinn Bryggeri lenge, og no passa det i kalenderen for begge partar. Vi har hatt ein lang og god vårturné bak oss, og det er eit velsmurt rocketog som kjem på scena i kveld, lova gitarist Hans Egil Løe.

– Vi diskuterte om vi skulle gjere denne konserten trygt og godt på Haavebua, eller om vi skulle sjanse på å ta det utandørs. No er vi sjølvsagt veldig glad for at vi landa på det siste, fortel dei to.

– Og når vi først skulle ha konsert, kvifor ikkje likegodt lage ein festival? Så då blei det det, seier Terje.

No har bandet mange konsertar framfor seg, og allereie laurdag skulle dei vidare til ein festival i Trondheim. Dei starta festivalsommaren på heimebane førre helg.

– Då var det kjekt å registrere at vi var heilt i rute, kommenterer Terje.

Bildeserie

Sjå bilda frå Kinnfest 2018!

 

Det blir ein hitparade

Men noko setliste ville dei ikkje røpe framfor fredagens konsert.

– Setlista er ikkje klar enda. Men det blir ein hitparade, lovar Hans Egil.

– Har de sjølve nokon favorittlåtar?

– Det blir jo som å be ei mor velge mellom sine 50 barn!, svarar Terje.

– Det er viktigare for oss å presentere ein heilskap. Ein konsert med dynamikk, og ulike typar låtar. No har vi jo så mange låtar, etter å ha gitt ut seks album, så det blir eit større og større luksusproblem å velge. Ein må kill some darlings, legg han til.

Kor lenge dei skal spele fredag kveld, vil dei heller ikkje røpe.

– Det blir ikkje nokon maratonkonsert for oss. Vi skal spele akkurat passe lenge! Det er ein kveld med mange artistar, og det blir gode pausar i mellom, slik at det også blir ein fest der folk kan få snakke saman. Sjølve festen er vel så viktig som musikken, meiner Terje.

Skambankt har også med seg bandet Vicereine.

– Vi har tatt med oss eit utruleg kult band frå Stavanger. Vi anbefalar alle å få med seg dei!, legg han til.

Hugsar godt første konserten

Terje, Hans Egil og resten av bandet er spenn klare for å rocke Florø nok ein gong. Bandet frå Jæren har tidlegare spelt både på Hjørnevikhagen og på Haavebua, og har gjennom fleire år samarbeidd med Kinn Bryggeri om brygging av eigne øl.

Dei hugsar godt den første konserten i Florø. Midtvinters, dårleg vêr og pittesmå konsertlokale på Hjørnevikhagen.

Dei spelte på golvet i sjølve kaféen, med publikum hoppande rundt seg. Heile huset rista.

– Det er ein av dei ein hugsar. Vi var seint ute, og var redde for at vi ikkje skulle nå fram i det heile. Vi køyrde, det var eit sinnssjukt føre, og det var eit kjempeklimaks å spele konserten, fortel Terje.

– Det er ikkje alltid dei største konsertane ein hugsar, seier han.

Dette var også første gongen Terje smakte Kinn-øl. Det vart brygga i kjellaren under Hjørnevikhagen, vart seld på kran på Hjørnevikhagen, og det var i den spede starten på den store handtverksølbølga som seinare skylte inn over landet.

– Hans Egil hadde vel smakt det før. Vi pleide å erte han når han kom dragande på det snobbete, fancy ølet sitt, minnast Terje.

– Kall det gjerne snobberi, men det blir meir og meir folkeleg!, svarar Hans Egil.

Ein Skambankt-smakebit:

Brygga med Kinn

Hans Egil Løe har vore i Florø mange gonger, og brygga fleire øl saman med Kinn Bryggeri. Det første var Voodoo, eit svart indiaøl som dei brygga for første gong hausten 2013.

Voodooen er ei øl som begge bandmedlemmene synst er spesielt god. 

– Det vert servert eit nybrygga parti av Voodoo på festivalen i kveld, som er laga spesielt for høvet. Det kjem også fleire andre øltypar brygga spesielt for denne festen, røper Hans Egil.

– Det er kult!, seier Terje, som seier bandet er veldig glade for det årelange Kinn Bryggeri-samarbeidet.

– Det er eit hyggeleg samarbeid for begge partar. Og det blir nok fleire ølsamarbeid. Det er veldig greit, då får Hans Egil utført hobbyen sin! seier Terje.

– Han hoppa over den heimebryggefasen, og gjekk rett på den proffe brygginga, kommenterer han.

– Ein skal ikkje sjå vekk ifrå at det blir fleire øl, nei. To gode namn i saman, det er ofte suksess!, meiner Hans Egil.

– Har de noko favorittøl?

– Det er umogleg å svare på! Det går ikkje! Det kjem an på sjangrar, sesong, anledningar. No er det lyse og lette øl som passar best. Eg får seie Kinn!, svarar Hans Egil.

– Vi svarar Kinn!, nikkar Terje.

Porten til Kinn Bryggeri og Skambankt sin eigen utandørs festival opnar klokka 18 fredag kveld. I tillegg til headlineren speler jærbandet Vicereine, the Wheel med florøværing Ørjan Kvalvik på laget, Florø-bandet Promotor og Dj Gymbag.

Artistane:

Skambankt

Endeleg er Skambankt tilbake i Florø og no på utescena til Kinn Bryggeri! Skambankt og Kinn Bryggeri har hatt eit nært kjærleiksforhold i mange år. Skambankt-øl bryggja hos Kinn har vore med på mange turnear. Dette kompromisslause hardrockbandet frå Jæren i Rogaland har lengre fartstid enn dei fleste andre band som startar opp som unge tenåringar. Bandet har tallause konsertdatoar og seks skiver bak ryggen. Heilt sidan deira andre skive, Eliksir, har dei okkupert topp 10-pallen på nasjonale hitlister i Norge, og dei tok førsteplassen med deira forrige skive, Sirene, i 2014. Dei er i dag rekna som ein av pionerane innan sjangeren i Norge, og 1. juni kjem dei altså til Florø og KinnFest for å presentere sitt sjette album, Horisonten Brenner, -ei smakfull og ektefølt rockeskive med ein sterk groovefaktor. Det er duka til rocka KinnFest i Florø. 

The Wheel 

Anmeldarar og lyttarar både nasjonalt og internasjonalt hylla The Wheel for deira stilsikre tilnærming til 70-talsrocken då dei debuterte med sitt sjølvtitulerte album i 2011. Den internasjonale merksemda gjorde også at konsertscena opna seg for dei, først og fremst som support for UFO på deira turné i Europa i 2012. No, heile seks år seinare, kjem The Wheel tilbake både med nye bandmedlemmar og eit endå meir raffinert uttrykk. Den utflytta florøværingen Ørjan Kvalvik sine presise og stilriktige riff nikkar tidsmessig bakover i retning inspirasjonskjelder som Eddie Van Halen, Paul Gilbert, Nuno Bettencourt og Jerry Cantrell, medan Jan Erik Salvesens vokal fyller lydbildet og gir oss assosiasjonar til både Chris Cornell, David Coverdale og Robert Plant sin autoritet og styrke. 8. juni gir dei ut den nye plata 2nd & 10, men først kjem dei til Florø og KinnFest!

Vicereine 


Vicereine frå Jæren er flashy, kledd i kvit denim og dekka i konfetti og glitter. Konsertopplevinga er eksplosiv, sjangeren er Tropical Death. Sounden kan beskrivast som den mest catchy krysninga mellom sexy dansegolvpop og fuzza rock. Resultatet får deg til å riste på rompa og headbange samtidig. Get ready, get psyched, get tropical in Florø!

Promotor 

Florø-bandet Promotor med Geir Odin Nes på vokal, Arild Frislid Solheim på trommer, Torgeir Sunnarvik på gitar og Tommy Skudal på bass spelar rocka coverlåtar primært frå 80-, 90-talet og framover. Sjølv om noverende gjeng berre har spelt saman i nokre månader har Promotor eksistert sidan 2012. Alle er røynde musikarar frå forskjellige lokale Florø-band. Dei hentar låtar frå musikk dei likar å høyre på, som til dømes Thin Lizzy, Alice In Chains, Soundgarden, Billy Idol, Whitesnake, Mötley Crüe. Vi seier berre: Råkk & råll!

DJ Gymbag

Kinn Bryggeri sin gode venn, Bjørn Inge Larsen, kjem til Florø og KinnFest som DJ Gymbag. Denne mannen er ein av 90-talet sine fremste representantar for fulle dansegolv og eit publikum som kokar. Med røter fra klubbscena i Bergen har han vore med på å sette den norske klubbscena på kartet både frå Dj- boksen og som tilretteleggjar av klubbar med tettpakka dansegolv. No driv han fleire av Oslo sine både skjulte og mest populære utestader, som Kinn Bryggeri forsyner med eige husøl, - Tilt, Tilt Arkade og Torggata Bar. Bjørn Inge Larsen er også involvert på utestadene Ball og Bruun-Larsen. Som Dj er han ekstremt open musikkmessig, -einaste kravet han har er at det må vere bra! Han spelar mykje dansbar musikk av ny og gamal dato som til dømes soul, funk, hip hop, disco, rare grooves og electro.