Vinn billettar til Kystfestivalen i Kalvåg!

Frå konserten i Kalvåg i fjor.

Frå konserten i Kalvåg i fjor. Foto:

Då har vi trekt vinnarane av konkurransen. Dei to heldige får svar på epost frå oss!

DEL

Firdaposten har fått to festivalpass, gjeldande for heile helga, og to pakkar med båtbillett til Atløy og tilhøyrande konsertbillett til laurdagen, med Vinskvetten og Kokken Tor på scenen. Atløy har avgang frå Florø klokka 18.00 laurdag, og returnerer klokka 02.15 natt til søndag.

Billettane skal sjølvsagt ut til heldige lesarar! Vi vil trekke to vinnarar, ein får to festivalpass som gjeld for heile helga, og ein får to båtbillettar med konsert.

Du kan vere med i konkurransen ved å svare på dei to spørsmåla under her, og sende svaret på mail til redaksjon@firdaposten.no. Mailen må vere merka med "konkurranse", og vi må ha svaret ditt i hende innan klokka 15.00 torsdag 1. august.

1. Kva heiter øya som Kalvåg ligg på?

2. Ei av gudinnene frå norrøn mytologi delar namn med øya. Kva var ho særleg gudinne for?


Artikkeltags