Strålande vêr kjem til å dra mykje folk til Kalvåg - men er det framleis ledig plass?

Arkivbilde frå Kystfestivalen i fjor.

Arkivbilde frå Kystfestivalen i fjor. Foto:

FESTIVAL: Det gode vêret vil trekke ekstra mange til Kalvåg i helga.

DEL

Like før klokka tolv fredag føremiddag skriv Kystfestivalen på Facebook at dei siste 100 festivalpassa er på veg ut. Men det er framleis dagspass å få kjøpt til både fredag og laurdag, så håpet er ikkje ute om du har lyst å få med deg litt festivalliv i den vakre bygda.

Men med så mykje folk samla på ein plass, må sjølvsagt logistikken vere i orden.

– Det er ikkje fullt, men det byrjar å bli trongt. Vi har nokre få plassar rundt Knutholmen leidge, og vi har nokre i Buvika. Vi legg båtane innimellom der det passar etter storleik, seier hamneleiar Svein Olav Igland til Firdaposten like over halv eitt fredag.

Det vil seie at det berre er å ta turen, dersom lysta er der. Igland lovar at det vil vere plass.

– Ikkje alle vil få "galleriplass", ein må legge dei der det er plass. Men folk vil  få plass.

Om ein kjem køyrande med bil, er det parkering på skulen, der det vil stå folk og dirigere. Det same gjeld på campingplassen som er laga til for bubilar og campingvogner på Kalvøyna. I tillegg er det laga til teltcamp på badeplassen Bontelabo. Begge delar har tilgang til sanitæranlegg, straum og bosskonteinar. Merk at for parkere med bubil/campingvogn, forpliktar ein seg til å kjøpe billettar til konsertane minst ein av dagane i tillegg til det ein betalar for å stå der. Kjem ein med båt og legg seg i hamna, må ein også kjøpe festivalpass til alle i båten, pluss leige av båtplass.

Fleire ting som kan vere kjekke å vite, finn du på kystfestival.no.

Artikkeltags