Hugsar du henne? I mai kan du høyre henne på Balejazz.

Hanne Boel.

Hanne Boel. Foto:

BALESTRAND: Like sikkert som at våren kjem, er det at Balejazzen dreg folk til sognebygda.

DEL

Og i år er det 3.-5. mai som er helga.

Festivalen i år opnar med ein folkekjær artist som er ein av dei mestselgande i Norge: Bjørn Eidsvåg med band. Vidare utover fredagskvelden kan jazztilhengarar nyte Mathias Eick med vener, eller kanskje Brooklyn-trioen Moon Hooch - eller kva med legendariske HP Gundersens “The Last Hurrah!!”? Fredagskvelden under Balejazz blir avslutta av eit lokalt band frå Årdal: Gode gamle Lava, som slepp ny plate i vår, går på scenen ved midnatt og har med seg ingen ringare enn den danske souldronninga Hanne Boel.

Laurdagen byr på Nils Petter Molvær i den engelske kyrkja, medan gratiskonserten i hotellhagen på Kviknes hotel i år byr på lokale Stilige Dann som spelar sin tribute til Steely Dan - med nynorskgaranti.

Dernest kjem to store norske musikarar. Sigvart Dagsland har fått med seg pianisten Tord Gustavsen til å spele frå ein 30 år gamle låtkoffert. Neste namn ut er Thea Hjelmeland som inntek same scene litt seinare på kvelden.

Så går det slag i slag med Rebekka Bakken, Steinar Raknes og Unni Wilhelmsen, og Haakon Graf Trio. Samstundes vil Balejazz servere ei heilt ny satsing på Natthuset: Diskotek med DJ Fredrik Saroea frå Datarock. Dette blir opptakten til kveldens avslutning i Kviknesalen: Balestrands store son Kjartan Lauritzen. Fenomenet, Spotify-kongen og showpluggen avsluttar Balejazz-natta med eit forrykande show!

- I årets program er det noko for einkvar smak. Alt frå smal jazz til store publikumsfavorittar som Bjørn Eidsvåg og Sigvart Dagsland. Men det er også kjekt å kunne mønstre fleire kvalitetsartistar frå nærområdet i Sogn og Fjordane. Fylket vårt har fostra fleire gode musikarar. Og fleire av dei kjem til Balejazz denne gongen, seier Sigurd Kvikne.

Han dreg også fram ei litt ny satsing på ung musikk - som Kjartan Lauritzen, Moon Hooch og DJ Fredrik Saroea.

- Det er kvalitet i kvar konsert denne helga. Så for publikum kan det nesten bli vanskeleg å velje, seier Kvikne med eit smil.

Artikkeltags