Gå til sidens hovedinnhold

Femdobbel moro i Svelgen

Artikkelen er over 10 år gammel

Den uhøgtidlege femathlon-konkurransen gjer comeback under årets utgåve av Nordgulen Høgt og Lågt i helga.

Tek du alle etappane i «Nordgulenslitet» sjølv? Eller er det ei verksemd eller ein venegjeng som har fem halvspreke utøvarar som kan stille med stafettlag?

I så fall bør du kontakte Per Arne Sæterlid og melde deg klar til start i femathlon i Svelgen laurdag ettermiddag.

- Etappane er lagt meir til sentrumsområdet enn sist, og det betyr at publikum kan få med seg symjing, kajakkpadling, rulleskøytegåing, sykling og springing og heie fram deltakarane, seier Sæterlid.

Han strekar under at konkurransen er svært uhøgtidleg, og at ein ikkje treng vere hardtrena ekspert for å delta.

- Det viktigaste er at folk kjem seg ut og har det moro. Og vi kan by på flotte premiar, seier Sæterlid.

Elles blir det fasadeklatring, løypestrengkøyring for dei minste, ansiktsmåling, fiskekonkurranse, paintball og mykje anna moro gjennom heile helga.

I tillegg blir det dans på Svelgen hotell med Turbostipend på laurdagskvelden.