Elin Tonheim Kamara

Elin Tonheim Kamara Foto:

Ei tragisk hending førte til at Elin vart frivillig i Røde Kors: No driv ho med førstehjelp på heiltid

Etter tre år som medlem i Røde Kors er ho no på veg til å bli ambulansearbeidar.
Maiken Aannevik Solbakken
Publisert
DEL
Etter tre år som medlem i Røde Kors er ho no på veg til å bli ambulansearbeidar.

For tre år sidan gjekk Elin Tonheim Kamara (41) på tur med mann og barn i Florø. Medan dei rusla i skogen kom dei over eit syn som staka ut kursen for livet hennar i åra som har kome etter. Medan dei gjekk fann dei ein mann som hadde teke sitt eige liv.

Eit syn som i ettertid sette i gang mange tankar og førte til at ho melde seg som frivillig i hjelpekorpset til Røde Kors.

– På veg ned med barna, møtte eg Kjetil Høidal i hjelpekorpset i litt av ein fart oppover skogen. Han stoppa og forsikra seg om at vi hadde det bra, før han sprang vidare, fortel Elin.

Høidal hadde på seg den karakteristiske hjelpekorpsuniformen Elin sjølv ber stolt i dag. Den dystre dagen for litt over tre år sidan var første gangen ho fekk sjå viktigheita av hjelpekorpset.

– Ein av tinga eg tenkte mykje på var at det var for seint å lære førstehjelp når ein plutseleg står i ein situasjon det er høgst nødvendig, seier ho.

Kven var hjelpekorpset?

Etter hendinga var det ungane som hadde mange spørsmål. Kven var alle desse menneska i dei raude og kvite uniformane? Kva gjorde eigentleg hjelpekorpset? For å svare på spørsmåla og for å la ungane snakke skikkeleg om hendinga, kom to frå hjelpekorpset heim på besøk.

Etter det melde Elin seg inn. Tre år seinare er ho framleis aktiv. Inspirasjonen frå alt ho har lært og vore med på, ifrå leiteaksjonar til korpskveldar, har gjort at ho har tatt endå eit skritt vidare:

– Eg er nett ferdig med teoridelen i utdanninga mi. No byrjar eg i ein heilt ny kvardag som lærling, fortel ho.

I sommar jobbar ho som vikar i ambulansetenesta i Bremanger. Utdanninga hennar er i prehospital akuttmedisin. At det er eit riktig val er ho sjølv klar på. Håpet til Elin er å kunne hjelpe.

Frivilligheita har alltid vore viktig

Men Elin har vore engasjert som frivillig tidlegare. I 1996 stod ho på jobb som frisørlærling i Stavanger, då det eine store omreisande sjukehusskipet til Mercy Ships la til kai. Sjølv jobba ho som frisørlærling og såg rett over fjorden på det massive skipet. Etter det vart det mange år på reisefot for Elin: Ho jobba frivillig på skipet frå 1997 til 1999, og mellom 2000 og 2002. Dei segla mellom Gambia, Guinea, Sierra Leone og Ghana i Vest-Afrika, heilt til spissen av kontinentet i Sør-Afrika. Mercy Ships, dei største sivile sjukehusa i verda, har gjennom tidene hjelpt godt over 2,5 millionar menneske med medisinsk hjelp.

Saka held fram under bilde

MERCY SHIP: Mellom 1997 og 2002 var Elin i vestlege og sørlege Afrika, der ho jobba som frivillig. Her med ein av ungane som fekk hjelp av det omreisande sjukehuset.

MERCY SHIP: Mellom 1997 og 2002 var Elin i vestlege og sørlege Afrika, der ho jobba som frivillig. Her med ein av ungane som fekk hjelp av det omreisande sjukehuset. Foto:

På skipet møtte ho mannen sin, som er frå Liberia og jobba på dekk om bord. Han bur no saman med ho i Florø, og medan ho jobbar som sommarvikar i ambulansetenesta i Bremanger annankvar veke, passar han på barn og hus.

– Det er lenge å vere vekke, men det går for ein kort periode sidan eg har ein støttande mann som stiller ekstra opp, seier ho.

Snart skal ho byrje som lærling. Då vert det mindre tid. Elin meiner det fine med hjelpekorpset er at når ein har det travelt, er det ikkje noko plikt å vere med. Ein kan stille på leiteaksjonar sjølv om ein ikkje har tid til å delta på korpskveldane kvar veke.

– I Røde Kors er at det er mange i beredskap, sjølv om dei ikkje er aktive i organisasjonen til dagleg, seier ho og legg til:

– Røde Kors har betydd mykje for at eg blei valde å byrje på utdanning no. Eg visste himla lite om førstehjelp før eg vart med der, og ved å vere frivillig har eg sett kor utruleg viktig det er. Dei har utfordra og utvikla meg, og eg ville ikkje vore erfaringa forutan, seier Tonheim Kamara.

Det er aldri for seint å bidra

HJELPEKORPSET: I tre år har Elin vore medlem av hjelpekorpset. Her frå øving med redningshelikopteret før sommaren i år.

HJELPEKORPSET: I tre år har Elin vore medlem av hjelpekorpset. Her frå øving med redningshelikopteret før sommaren i år. Foto:

Ho var i slutten av trettiåra då ho melde seg inn i hjelpekorpset.

– Mange tenker at det er for seint å engasjere seg og byrje med nye ting når ungdomstida er forbi. Men det er jo heilt feil! slår ho fast.

– Det er aldri for seint om ein vil engasjere seg i hjelpekorpset, besøkstenesta, eller anna frivillig arbeid, eller ta ei ny utdanning. Om vi alle bestemmer oss for å gjere dagen betre for ein anna person eller å gje nokon ei oppmuntring, hadde verda vore ein betre plass. Det er ikkje alltid så mykje som skal til, seier ho.

Artikkeltags