Farvel med ei ferjerute

Kaptein Jonvald Kjerpeset vart takka for lang og tru teneste av administrerande direktør i Fjord1, Leif Øverland. Kjerpeset starta på ferja tre månader etter oppstarten i 1975.

Kaptein Jonvald Kjerpeset vart takka for lang og tru teneste av administrerande direktør i Fjord1, Leif Øverland. Kjerpeset starta på ferja tre månader etter oppstarten i 1975. Foto:

Artikkelen er over 5 år gammel

I kveld gjekk M/F Førdefjord mellom Kjelkenes og Smørhamn for aller siste gong. Kapteinen har vore med sidan ruta starta opp.

DEL

Kåre Jarl Langeland stod i spissen for komitéen som har stelt i stand gravølet og han takka dei frammøtte for oppslutnaden om det han sa starta som ein "laus og sprø idé".

Om bord var det servering av betasuppe, kake og kaffi, og det var mange ulike kulturinnslag. Per Ytrehus snakka om historia til Kjelkenes som samferdsle-knutepunkt, Svelgen Songlag song "Bye, bye Førdefjord" og fylkesordførar Åshild Kjelkenes siterte den gamle NRK-profilen Herbjørn Sørebø som sa at ferjene er like begge endar, slik at ein ikkje veit om ho kjem eller legg til. Eit uhøgtideleg og mest muntert farvel med ferja vart det, sjølv om mange nok var vemodige.

Kaptein Jonvald Kjerpeset starta på ferja mellom Kjelkenes og Smørhamn i 1975, tre månader etter at sambandet opna, og vart eigentleg pensjonist i 2005. No trur han at han skal begynne å oppføre seg som ein.

- Eg vil nok ta det litt meir med ro no, ja, med kona, barna og barnebarna. Men er dei heilt opprådde i Fjord1, ser eg no ikkje heilt vekk frå at eg kjem innom att, seier han.

Les meir om den siste ferjeturen i papiravisa.

Artikkeltags