Dei vil at kultur på Fanøya skal vere meir enn Veikingkonvoi

Havblikk: Erling Karstensen (t.v.) og Johan J. Bakken vil at heimstaden deira skal bli kjend for andre ting enn fest og fyll. Difor vil dei lage til arrangement med kunst og kultur i botnen. Foto: Sigrid Rekve

Havblikk: Erling Karstensen (t.v.) og Johan J. Bakken vil at heimstaden deira skal bli kjend for andre ting enn fest og fyll. Difor vil dei lage til arrangement med kunst og kultur i botnen. Foto: Sigrid Rekve

Artikkelen er over 1 år gammel

FANØY: To unge og initiativrike karar frå Fanøya vil tenke litt nytt om kva kultur i øyane skal vere.

DEL

Erling Karstensen og Johan J. Bakken har allereie to somrar som konsertarrangørar på heimplassen bak seg. Dei har lært mykje, og no er dei klare for meir av både kunnskap og kultur.

Ikkje berre fyll og rølp

Difor har dei no stifta arrangørselskapet Havblikk og komme inn under SOMU (Sogn og Fjordane Musikkfond) sitt etableringsprogram. Der får dei mellom anna bygge eit nettverk og gjere seg kjend med kva utfordringar og moglegheiter ei slik rolle gir.

Vi har merka oss at fleire på øya ønsker ein annan kultur.

Erling Karstensen og Johan J. Bakken i Havblikk

– Vi har fått veldig mange gode tilbakemeldingar etter konsertane der ute, og det synest vi er kjekt. Men det er også meir jobb enn ein trur, så det er veldig lærerikt for oss å få snakke med andre aktørar i fylket om korleis det er å drive med kultur i Sogn og Fjordane. Det er jo eit fylke utan ein kulturhovudstad, og logistikkbiten kan vere ustabil, seier Johan J. Bakken, og legg til at det sjølvsagt blir ekstra krevjande når ein skal ha artistane frakta ut på ei lita øy.

Etter konserten i fjor sommar skreiv Firdaposten følgjande:

«(...) når sant skal seiast, er ikkje Fanøy åleine om verken dugnadskrefter eller natur. Det finst knapt ei bygd som ikkje steller i stand noko i løpet av sommaren. Musikken er oftast av det breie slaget, ikkje smal kvalitetsmusikk. Vi pressar han litt frampå.

– Det har vel kanskje ein tendens til å bli fyllearrangementskultur, og det synest eg er dårleg kultur. Det har så mange verdiar å bringe kvalitetsmusikk ut i øyene, seier han.»

Bandet Shan heldt konsert på den heilt nye scena ved Ishuset på Fanøy fredag 19.08.16.

Bandet Shan heldt konsert på den heilt nye scena ved Ishuset på Fanøy fredag 19.08.16. Foto:

Og det er vel ikkje til å stikke under ein stol at det kulturarrangementet dei fleste kjenner Fanøy frå, er Veikingkonvoien. Som nettopp i hovudsak handlar om å køyre båt ut, og ta seg ein fest når ein vel er framme.

– Men å arrangere ein Veiking-konvoi er jo noko grendelaga på øyane frivillig tek på seg, og som gir pengar i kassa for dei. Så slik sett har dei vel sin misjon?

– Ja, og eg vil presisere at vi snakkar for oss sjølve og ikkje grendelaget. Veikingkonvoien er viktig for øya, og skapar samhald fordi alle er med på å arrangere den. Men vi har merka oss at fleire på øya ønsker ein annan kultur. Vi har lyst at det skal handle om kunst og kultur for både fastbuande og besøkande, ikkje berre rølp og fanteri, seier dei to med eit smil.

Dei understrekar dog at alkoholservering er ein naturleg del av kulturarrangement.

Kjem sterkare tilbake

Dei konsertane dei allereie har stelt til på brygga ved Ishuset har vore små og intime arrangement. I framtida håpar Karstensen og Bakken at fleire skal få auga opp for tilbod med kunst og kultur i botnen.

– Vi veit at folk er vil ha slike arrangement, men det kan vere vanskeleg å nå ut. Det håpar vi å lære meir om gjennom deltakinga i SOMU sitt opplegg.

Vi ønsker at slike opplevingar skal vere ein del av Fanøy-somrane.

Havblikk

Samstundes er Fanøy eit lite samfunn og det er avgrensa kor mange øya kan ta i mot på ein gong. Denne sommaren blir det ikkje bryggekonsert, litt på grunn av Havblikk si deltaking i SOMU-prosjektet, og litt fordi begge opptekne med jobb og studiar.

– Vi har valt å ta ei pause frå det vi har gjort dei to siste somrane for å etablere oss og komme sterkare tilbake. Men vi ønsker at slike opplevingar skal vere ein del av somrane til Fanøy, så folk kan vente seg ein konsert nærare sommaren. Om det blir utandørs denne gongen kan vi ikkje seie. Men konsert blir det!

Artikkeltags