Blir det tidenes kulturoppleving i Florø?

Video: Byen Vår Florø

Artikkelen er over 2 år gammel

JA! Sjølvsagt!, kjem det unisont frå komponist Eirik Molnes Husabø og produsent Barbro Furset frå Byen vår Florø.

DEL

I desse dagar er Requiem alt det dreier seg om for duoen. 16. september er datoen då alt må vere klart. For då går teppet opp for urframføringa av Husabø sitt storslåtte verk, «Requiem for en tapt verden».

– Det er nervepirrande. Og det gjer det ekstra spennande at florøfolk som vanleg er litt treige med å kjøpe billettar, seier Eirik Husabø.

Dei håpar på rundt 700 publikummarar, men har plass til fleire enn det.

– Dette er ei once in a lifetime – oppleving. Det er ei særprega kulturell framsyning som du ikkje har sett makan til i Florø sidan Kinnaspelet hadde premiere i 1985, seier Barbro Furset.

Urpremiere på veftet

Se det for deg, Klokka nærmar seg 23 på kvelden. Det er haustmørkt ute. I den gamle røyrleggjarhallen på Westcon står stolane klare til publikum, vinflaskene er opna bak bardisken, og lokalet er rigga med orkesterplass, sceneteppe, pyroteknikk, lyd- og lysdesign. I kulissane ventar rundt 70 utøvarar, koristar og musikarar, spent på det som skal bli urpremieren på Reqiuem.

– Det kjem til å bli heilt magisk. Med den ramma, og den fantastiske musikken – det blir garantert gåsehud. Eg får frysningar berre eg tenker på det, seier Furset.

Utøvarane er ein miks av profesjonelle og amatørar. Det er mange lokale musikarar med, i tillegg til innleigde proffar frå fleire delar av landet. Michael Pavelich, amerikanaren bak Opera Nordfjord, er dirigent, og skodespelar Oda Alisøy er forteljar.

DIRIGENT: Michael Pavelich.

DIRIGENT: Michael Pavelich.

Dødsmesse

«Requiem for en tapt verden» er ei utradisjonell dødsmesse.

– Det er ei gravferd for verda, som er død, forklarar Husabø.

Dette er den første delen av ein trilogi, og komponisten er allereie i gang med dei kommande delane, «Armageddon» og «Den nye verden».

– Eg gjer det inn i mellom andre ting. Slike kunstnariske prosessar tar lang tid, det skal modnast, og det skjer mange endringar undervegs, fortel han.

Når alle delane er ferdig, truleg om eit par års tid, vil Husabø sette opp alle saman i lag, som ein grand finale.

– Då må vi få med eit kjent orkester. Det er berre på teiknebrettet no, sjølvsagt, men det er det eg har lyst til.

Requiem var ferdig komponert i januar i fjor. Då hadde han allereie begynt å øve med nokre songarar, men synst det var vanskeleg å komme vidare. I mai månad kopla han inn Byen Vår Florø, og då begynte ting å skje, fortel han.

- Eit fantastisk team

– Det er fantastisk å ha med Barbro og Per Øyvind med på laget. All ære til dei! Eg knota med ideen min lenge, men eg er ikkje ein administrator, og har ikkje deira kunnskap om produksjon og det å skaffe økonomisk støtte til noko slikt, seier Husabø, og held fram.

– Hjelpa deira har faktisk vore heilt avgjerande for dette prosjektet. Eit slikt team er det eg har sakna heile livet.

Furset på si side seier det er fantastisk å få lov å vere med på prosjektet.

– Requiem er magisk. Det er i ei eiga særklasse. Eg håpar folk kjenner si besøkelsestid. Florø kan vere stolt av å ha ein komponist som Eirik Husabø!

DUO: Produsent Barbro Furset og komponist Eirik Molnes Husabø.

DUO: Produsent Barbro Furset og komponist Eirik Molnes Husabø.

Requiem for en tapt verden

Urpremiere på Westcon laurdag 16. september, kl. 23.00

Billettar i sal på Florasamfunnshus.no

Komponist: Eirik Husabø. Dirigent: Michael Pavelich

Artikkeltags