Funkbandet Daddy, med komponist Eirik Molnes Husabø i spissen, hadde sine glansdagar på tidleg 2000-tal. Men no har Daddy fått ein avleggar: Bandet Wait a minute er eit prosjektbasert band med heile tolv musikarar frå Sogn og Fjordane som speler musikk komponert av Husabø.
Berre eit fåtal av dei originale bandmedlemmene frå Daddy er med i dette bandet. Det er vokalistane Eirik Husabø og Janne Linn Myren, saksofonist Atle Isaksen og keyboardist Asbjørn Vie. Resten av gjengen er ein samling av dyktige musikarar frå heile fylket, men med hovudvekt på Florø. Og snart kan vi sjå resultatet av den musikalske samlinga. Laurdag 15. desember er det klart for ein unik lanseringskonsert på Florø samfunnshus.
(Artikkelen held fram under bildet).
«Gamle barn»
Husabø var eigentleg litt nølande då trommis Arild Brandshaug og vokalist Anita Nordheim først spurde han om ikkje det var på tide å lufte dei gamle funk- og soul-låtane hans frå Daddy-tida. Men etter ein del overtaling gjekk han til slutt med på prosjektet.
– Eg hadde eigentleg trudd at Daddy-tida mi var eit tilbakelagt stadium, men eg vart meir og meir tend på dette prosjektet etter kvart. Så eg sa til slutt ja, seier Husabø som i fjor hadde stor suksess med verket «Requiem for en tapt verden».
Sidan før sommaren har Wait a minute tolv hatt øvingar, i tillegg til at Husabø har finpussa på komposisjonane. Musikken er sofistikert funk-musikk med innslag av både R`n`B, soul, jazz og pop i gjennomarbeidde arrangement. Men det er ikkje mange av dei gamle låtane frå Daddy-tida som er med.
– Dei fleste av låtane er «nye», det vil seie eg skreiv dei for sikkert atten år sidan. Dei har ligge i arkivet heilt fram til no, desse gamle tenåringsbarna mine, smiler komponisten.
Her kan du sjå opptak frå ein Daddy-konsert:
Pengar er ikkje målet
Og han legg til:
– Eg har så mykje musikk eg har laga, men som berre ligg og samlar støv. Håpet er at eg får spelt nokre av dei inn før eg dauer, seier Husabø.
For det er planen at desse nye songane skal spelast inn på plate. Men trass det, og billettsalet til konserten, er det nok ikkje pengar å hente for komponisten. Med alle utgiftene medrekna, går det mest truleg i null.
– Wait a minute føyer seg inn i prosjekt eg ikkje tener pengar på. Eg er eigentleg der at eg ikkje har råd til å lage musikk, utan å tene pengar på det, strekar Husabø under.
Men det er ikkje pengane som lokkar han til å vere med på dette prosjektet:
– Eg sit mykje åleine og komponerer og produserer musikk. Og eg har av og til musikarar innom for å spele inn låtar. Men det er noko heilt spesielt å samle 12 så flinke musikarar her for å skape noko i lag. Den energiutvekslinga oss mellom kan ikkje erstattast av noko anna, seier Husabø.