Ein høglydt protest

Det 12 meter lange protesthornet "Desibel" er ein av hovudattraksjonane under årets Vevringutstilling. Den er det kunstnarane Geir Hjetland (t.h.) og Bjørn Kolbrek m.fl. som har utforma. Maja Ratke står for komposisjonen av musikken.

Det 12 meter lange protesthornet "Desibel" er ein av hovudattraksjonane under årets Vevringutstilling. Den er det kunstnarane Geir Hjetland (t.h.) og Bjørn Kolbrek m.fl. som har utforma. Maja Ratke står for komposisjonen av musikken.

Artikkelen er over 8 år gammel

Øydelegginga av det spesielle naturmiljøet i Vevring er eit sentralt tema under Vevringutstillinga 2009.

DEL

Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

Det siste kunstnarmiljøet i Vevring ønskjer seg er rutil-utvinning i Engebøfjellet.

Det kom tydeleg fram under årets Vevringutstilling, for øvrig det 30. i historia.

Ei gruppe kunstnarar med komponist Maja Ratke, biletkunstnar Geir Hjetland og produsent Torkil Sandsund i spissen har laga til spesialverket "Desibel", ein installasjon av fire store horn, det lengste 12 meter langt og som med dette er verdas største hornhøgtalar.

Og installasjonen ber verkeleg namnet sitt med rette. For maken til høgare musikk, eller støy om du vil, har ein sjeldan høyrt komme ut or høgtalarar.

– Vi ønskte å illustrere vår motstand mot gruvedrift og dei drastiske utvinningsplanane i Vevring ved å illustrere lydforureininga denne drifta vil lage.

Det fortel Geir Hjetland laurdag.

– For vi liker rett nok lyd, så lenge det er vellyd. Men "Desibel" er samstundes ei oppleving litt utanom det vanlege. Det er fascinerande å sjå på korleis lyden frå installasjonen ber i landskapet, og korleis den gjev gjenklang i fjellveggane rundtomkring, legg han til.

Søndag er siste dag i Vevringutstillinga i år. Så ønskjer du å få med deg ei utstilling litt utanom det vanlege, hastar det.

Artikkeltags