Ei feststemt industribygd jubilerte

Artikkelen er over 14 år gammel

SVELGEN: Det var dekt til ikkje mindre enn 440 menneske i Svelgen Idrettshus laurdag under Elkem sitt 100-årsjubileum. Dette var ein festkveld då dei inviterte skulle kjenne seg stolte av arbeidet, opphavet og samhaldet i bygda. Noko dei gjorde.

DEL

Personalsjef på Elkem Bremanger, Morten Vik, var regissør for kjempekalaset som gjekk like velsmurt som bedrifta dei feira. Å halde eit selskap for 440 inviterte gjester er noko som krev planlegging utover det vanlege. Og personalsjefen var rask med å påpeike at iveren og den oppofrande dugnadsinnsatsen som har vore gjort, ikkje berre har fått arrangementet i hamn, men gjort denne festkvelden spesiell og minneverdig.

Dugnad

– Her har folk jobba dugnad til langt ut på kvelden, og i dag tidleg var det folk på pletten og heiste flagget på plassen, fortalde Vik, ikkje så reint lite stolt over dei tilsette. Langborda fylte nesten heile idrettshallen, og at bord kunne bli så nydelege ved å bli pynta etter eit industritema, var oppsiktsvekkande.

Som start på festen fekk dei frammøtte sjå ein film frå Elkem si 100-årige historie. Så vart maten servert, ein bugnande buffet med alt ein kunne ønskje seg av gastronomiske freistingar, frå hummar til jubileumstatoverte skinker. Maten var sjølvsagt levert av Svelgen Hotell.

– Vi sjekka med fleire om kva tilbod dei kunne levere til jubileet, og det var Svelgen Hotell som hadde det klart beste, seier Vik. Han vedgjekk at han var imponert over at lokalbedrifta kunne svinge seg rundt og levere eit så stort selskap. For utanom fire innleigde kokkar og fire servitørar frå Førde var selskapet levert av Geir Gjerde og hotellet åleine.

Alnæs

Frode Alnæs, eller Norges største roll-on, som han kalla seg sjølv, var toastmaster denne kvelden, og Kristiansunds store son sydde det heile i hop på ein munter måte. Selskapet fekk òg nyte godt av Alnæs sin eksepsjonelle gitarkompetanse.

Verksdirektør Erik Løkke-Øwre var tydeleg på at grunnen til at Elkem i Svelgen er så god, er samhaldet i bygda.

– Vi er det verket av dei ni i Elkem som har høgst kompetanse og utdanning. Det kjem sjølvsagt av at vi driv med avanserte ting, men samhaldet og eigedomsforholdet dei tilsette har til bedrifta her i Svelgen er noko av grunnen til at vi er så gode på det vi gjer. Vi har saman vore gjennom omstillingar og tøffe kostnadseffektiviseringar og kome styrkte ut, sa Løkke-Øwre. Han la heller ikkje skjul på at han er blitt veldig glad i Svelgen og lokalsamfunnet dei to åra han har vore direktør. Og skal praksisen med direktørskiftingar kvart tredje år gjennomførast, reiser han neste år.

Glad i bygda

– Eg meiner personleg at tre år er for lite, kom det frå direktøren som trivst veldig godt i Svelgen og sa han ikkje såg fram til å forlate bygda han har blitt så glad i.

Noko av kvaliteten ved lokalsamfunnet han ville trekkje fram var kulturlivet. Og det kunne ikkje understrekast tydelegare enn ved at Bremanger Musikklag var på plass på scena denne kvelden.

– Eg kan ikkje få rost Bremanger Musikklag nok. Kulturlivet her er noko som held kommunen saman, noko vi ser att på fleire felt, kom det frå direktøren. Då Michael Pavelich frå Opera Nordfjord akkompagnert av Bremanger Musikklag framførde Elkemsongen, kunne vi sjå våte auge i forsamlinga. Den vakre spesialkomposisjonen til dette jubileet var skriven av Elkem-tilsette Magne Løkås. Stjerneskot frå Elton John-suksessen var sjølvsagt med, og eit begeistra publikum let knapt artistane frå ytre gå ned frå scena.

Rosina

Etter middagen var alle klar over at Morten Vik hadde eit ess i ermet. Spekulasjonane om kven det kunne vere, hadde allereie versert i lokalet i timar. Men det lukkast arrangementskomiteen å halde artisten hemmeleg heilt til slutt. Då Ylvis entra scena, vitna jubelen i salen om at dei hadde treft blink. Og dei to multitalenta skuffa heller ikkje. Dei viste akrobatiske ferdigheiter i ein dokketeater-sverdkamp. Reist musikalsk fekk vi ikkje berre høyre Sondre Lerche og den svenske Grand Prix-duoen, men også eit boyband med siktet mot eit døvt publikum. Alle land i verda vart sunge og intensivert gjennom både tempo og modellering i starten av showet. I ekstranummeret fekk vi høyre språkdrakta til ikkje reint få av desse nasjonane.

No var festfolket i kjempestemning før dansen starta og kvelden skulle nytast ut i dei seine nattetimar.

Artikkeltags