Dugnadsgjeng med hjarte for levande musikk

KLAR FOR MUSIKKFEST: Frå venstre Dag Magne Knapstad, Roald Hansen bak, Line Sundal (liggande), Janne Kristin Fristad, Per Vidar Ottesen, Charlotte Nygård og Geir Magne Høyvik.

KLAR FOR MUSIKKFEST: Frå venstre Dag Magne Knapstad, Roald Hansen bak, Line Sundal (liggande), Janne Kristin Fristad, Per Vidar Ottesen, Charlotte Nygård og Geir Magne Høyvik. Foto:

Artikkelen er over 7 år gammel

Florø Rockeklubb med evig optimistiske Per Vidar Ottesen i spissen er klar med ny musikkfestival. – I år ønskte vi å hente inn att litt irsk musikkmagi med det kjempegode bandet The Young Folk frå Dublin.

DEL

Florø Rockeklubb har opp gjennom åra utvikla eit nært vennskap til irske band som Dubliners og Raggle Taggle Gypsies.

Via Dubliners

– Vi blei anbefalt The Young Folk av manageren til Dubliners. Det er eit band som beherskar både tradisjonell irsk musikk og som også har eit meir moderne og rocka uttrykk, seier Per Vidar Ottesen.

Irane blir å høyre både på konsert og med små gratiskonsertar under Himmel og Hav-festivalen.

Fredagen skal irane halde første del av konserten på Haavebua, medan det nye kritikarroste El Cuero skal runde av kvelden med meir trøkk og rock and roll.

Les kritikken om den fantastisk gode plata til EL CUERO.

– Det blir ein kjempekveld på Haavebua. Eg må seie at mine største musikkopplevingar har eg hatt på intime scener som Haavebua. Der kjem du verkeleg i nærkontakt med musikarane, understrekar Ottesen.

Band på veg opp

På laurdagen blir det konsertar i Strandgata med Florø Storband, The Young Folk og popartisten Dina Misund.

Så er det duka for ny storkveld på Haavebua med Tyyl, som spelar fengjande rock med knallgode tekstar på klingande sognedialekt. Det svenske stortalentet David Urwitz skal runde av kvelden.

– Vi set veldig pris på å presentere band og artistar som ikkje er så veldig kjende enno, men som er på veg til noko stort, understrekar Ottesen.

Målet er null

Han understrekar at musikkfesten under Himmel og Hav-festivalen ikkje ville kunne bli realisert utan den store dugnadsinnsatsen i klubben og at trufaste sponsorar sikrar kring 1/3 av budsjettet.

– Viss vi kjem ut i null, så er vi kjempenøgde. Vi er ein gjeng idealistar som jobbar hundrevis av dugnadstimar. Betalinga er gleda av store musikkopplevingar, å knyte kontaktar med interessante folk i musikk- og kulturlivet og bli tilfreds med at Florø har eit levande og vel fungerande kulturliv, understrekar han.

Sponsorane til musikkfesten under Himmel og Hav er Sparebanken Sogn og Fjordane, Norwell, N & K Spedisjon og Firdaposten.

MUSIKKFEST

Meir informasjon om musikkfestivalen under Himmel og Hav på heimesida www.rockeklubben.no

PROGRAMMET

Fredag 17.juni

Konsert på Haavebua

El Cuero- norsk rockeband

The Young Folk- frå Dublin

Laurdag 18. juni

Konsertar i Strandgata

The Young Folk frå Dublin

Florø Storband

Dina Misund

På Haavebua:

Tyyl- norsk sognerock

David Urvitz- svensk folkrock.

Artikkeltags