Drøymer om å leve av musikken

Benjamin Sagebø.

Benjamin Sagebø. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

Trommeslagar Benjamin Sagebø frå Svelgen og songaren Trym Nikolas Rimmen frå Eikefjord er nominert til Drømmestipendet.

DEL

400 unge håpefulle er nominert til stipendordninga.

Frå Bremanger kjem Benjamin Sagebø, trommeslagar frå Svelgen, som går på musikklinja på Firda vidaregåande skule på Sandane. 20-åringen har spelt trommer sidan han var åtte år, og spelar no i bandet Power-House saman med vener.

- Draumen min er å kunne få drive med musikk, spele musikk og kunne leve av det, meiner han.

SJÅ : VIDEO: Power-House

Norsk kulturskuleråd Sogn og Fjordane arrangerer «Dei nominerte er» i Operahuset Nordfjord på Nordfjordeid laurdag 29. mars. Her vert alle dei nominerte frå Sogn og Fjordane presenterte, samt elevar frå Laurdagsskulen og Griegakademiet unge talent og Barratt Due unge talent.

Dei andre nominerte frå Sogn og Fjordane er Håvard Endal Husevåg, Gloppen, Ida Bjørnhaug, Stryn, Peter Kollstrøm Heilevang, Førde, Thea og Synnøve Løland, Førde og Trym Nikolas Rimmen frå Eikefjord i Flora kommune.

Trym Nikolas Rimmen stod fram som ein flink songar gjennom oppveksten og oppaling i kulturskulen i Flora. Han går no siste året på Firda vidaregåande skule, musikklinja.

- I løpet av dei snart tre åra eg har gått her, har eg lært mykje. Eg har fått vore med på å spele og arrangere konsertar, noko som har gjeve meg innsikt i korleis musikkverda virkar. Gjennom dette har eg fått utøvd noko av det eg likar best; nemleg å synge, seier han i samband med nominasjonen.

Høyr Trym Nikoas synge.

Artikkeltags