- Det starta med at vi hadde lyst å gjere noko kreativt. Og dette med musikkteater føler vi manglar i byen, seier Carina Takle-Hillersøy og Anders Alvaro Nydal.

Dei er to av dei ti som har gått saman og danna Florø Musikkteater.

Neste haust

- Vi har møtt stor interesse frå dei vi har nærma oss med ideane våre, fortel Carina og Anders, som skal stå for høvesvis regi og koreografi i det nye ensemblet.

Planane for det første showet er allereie begynt å rulle: Dei tek sikte på å vere klare hausten 2015, og den første forestillinga blir eit potpurri av dei involverte sine favorittar.

- Der vil folk få høyre nummer frå alt frå West Side Story til Cats, røper Anders, og legg til at det vil vere nummer folk kjenner godt.

Han vil også køyre danseauditions litt lenger ut på hausten. Då ser ein er etter vaksne dansarar, det vil seie at dei må vere minimum 16 år gamle.

- Vi vil nok trenge ein åtte-ti stykker. Men vi oppfordrarar verkeleg Florø-dansarar til å melde seg, vi veit det er folk frå både Førde og Askvoll som har lyst å vere med, reklamerer han.

Dei siktar høgt når det gjeld kvaliteten på framsyninga. Til å arrangere musikken har dei hyra inn ingen ringare enn Eirik Husabø.

- Det kostar jo litt, så vi vil måtte ta ei runde for å skaffe oss sponsormidlar, sler Carina fast.

Langsiktig satsing

Dei er sikre på at dei skal greie å møte folk sine forventningar med tanke på flotte kostyme og kulisser, som er ein vesentleg del av musikalkonseptet.

- Vi har knytt til oss flinke folk som er gode på både kostyme og scenografi, så det skal gå fint!

Sjølv om det enno er eit stykke fram til premieren, har gjengen klare forhåpningar for satstinga si:

- Vi håpar at dette blir eit konsept som består. Det hadde sjølvsagt vore veldig fint om vi gjekk såpass i pluss at vi kan investere vidare, i større framsyningar, eller kanskje ta produksjonen med oss til andre stader. Og kanskje kan vi etter kvart oppdage nye sangtalent i Florø? smiler dei.

I tillegg til dei sju på biletet, er også Ingvar Hopland og Trond Ramstad Olsen med.