Gå til sidens hovedinnhold

Dansegalla for vaksne i Svelgen

Artikkelen er over 16 år gammel

SVELGEN: Laurdag 9. oktober er det duka for stor dansegalla for vaksne på samfunnshuset i Svelgen, der både Lundes Trio, Trekkspelklubben i Svelgen og Bremanger og Svardal frå Florø spelar opp med musikk som høver seg for lette danseføter.

Arrangementet er eit samarbeidsprosjekt mellom Bremanger Seniorråd, pensjonistlaga i kommunen, seniordansarane i indre og ytre Bremanger, Sykkelklubben Hallvard og kulturkontoret. I tillegg til musikk og dans blir det og allsong og underhaldning av ymist slag, og servering av rømmegraut, kaffi og kaker. Det blir også høve til å kjøpe forfriskningar, både med og utan alkohol.

– Eg har stor tru på at dette skal bli ein triveleg kveld, seier Margunn Indrehus ved kulturkontoret.

Ho oppmodar folk om å melde seg på. Det er sett opp plakatar rundt om i kommunen, med kontaktpersonar i dei ulike bygdene som folk kan ringe til.

– Det er òg viktig å få med at det blir sett opp buss frå ytre, via Rugsund og Davik, med retur etter dansen. Så det er berre å leite fram danseskoa og det gode humøret, lokkar ho.