Betre enn dette blir det ikkje

04. juni 2017, kl. 13:06

Ungdommane i dansegruppa Adrenalin driv ung-til-ung danseopplæring alle dei grå kvardagane i året for å skine i lyset frå lyskastarane denne eine laurdagen i året. Dei gjer alt sjølve, og dei gjer det med stil. Det var rett og slett fantastisk kjekt på Flora samfunnshus i går.