Rønnebyen

Gjester som kjem hit ser ikkje fordums sjarm og historie. Dei ser ei rønne som treng rivast. Foto: Arne Hjorth Johansen

Gjester som kjem hit ser ikkje fordums sjarm og historie. Dei ser ei rønne som treng rivast. Foto: Arne Hjorth Johansen

Artikkelen er over 4 år gammel
DEL

Byhjorten Det er nokre tema ein helst bør styre unna om ein ikkje likar å krangle med folk. Innvandring. Vaksiner og alternativ medisin. Israel-Palestina. Turstimerkinga i Eikefjord. Lista kan gjerast lenger om ein vil, men eg trur eg har fått med meg dei verste minefelta. På eit unntak nær. Eg tenker på Florø-sjela. Debatten om korleis byen vår skal sjå ut. Skal vi rive eller restaurere? Bygge nytt, eller ta vare på det gamle? Det skjer mykje i sentrum for tida, og ikkje alle likar det dei ser. Byen vert øydelagt, seier dei. Sjela forsvinn og vi blir som Førde. Andre vil rive meir og bygge nytt. Frontane er steile. Dette vart tydeleg i to parallelle Facebook-trådar for litt sida. Det var stor underhaldning.

I den eine tråden handla det mest om huset som dei driv og snekrar saman i Hans Blomgata no. Det var delte meiningar så klart, men stemninga gjekk i retning av at dette huset aldri skulle ha vore bygd. Det var for stort, det passa ikkje inn i gata, og det hadde vore mykje betre om ein hadde teke vare på det gamle huset som stod der før. Fleire kom med kritikk av kommunen som lot pengefolka herje på omtrent slik dei ville, utan omsyn til naboane. Somme gjekk til og med så langt at dei tok i bruk ordet korrupsjon.

I den andre tråden var det Trovik-kvartalet det handla om, denne skammens plett på byens indrefilet. Her var ein også sinna på byråkratane, men her var det motsatt. Her sto dei i vegen for dei som ville skape noko nytt her i byen. Pengefolka som ville bruke midler av eiga lomme for å få til noko som ville vere til glede for alle, vart motarbeidd av inkompetente regelryttarar som ikkje har større glede i livet enn å øydelegge for andre.

Ikkje tru på halvparten av det du ser, ikkje noko av det du høyrer, sang Lou Reed i si tid. Byråkratane og politikarane som gladeleg lot seg kjøpe i det eine tilfellet, var altså stivbeinte gledesdreparar i det andre. Begge deler kan ikkje vere sant. Sanninga er nok heller at folk flest ikkje veit stort om plan og bygningslov, sentrumsplanar. kulturvern og politiske prosessar. I røynda er det ikkje onde menneske som sit der og kastar terning om kven som skal få bygge og kven som skal få nei. Det er vanlege folk som deg og meg som gjer så godt dei kan for å forvalte eit regelverk, og vurdere interesser opp mot kvarandre. Sørge for at alt skjer etter boka. Nettopp for å hindre at alt berre blir den rikastes rett. Dei kan gjere feil, det kan vi alle, men alt er ikkje ein stor konspirasjon. Diverre. Livet er for ein stor del kaos og ute av kontroll. Det hadde vore mykje enklare om konspirasjonsteoriar flest faktisk var sanne. Det ville tyde på at vi faktisk kan styre vår eiga skjebne. Men lat oss ikkje spore av dette tanketoget.

Gunnar Staalesen skreiv om Florø for 25 år sida at byen med sine kvitmåla hus mest minna om ei sørlandsby som uvisst av kva grunn var forvist til Vestlandet. Når dei som har flytta vekk tenkjer tilbake på korleis det var, er det desse husa dei tenkjer på. Vi som fortsatt bur her også. Akkurat slik vi gløymer alle dagene det regna då vi var born, og sommaren var berre ein einaste lang solskinnsdag, går vi forbi dei stygge husa utan å sjå dei. Men sørlandsbyen er ein illusjon. Staalesen skreiv også om betongblokker med gråpapir for vindauga. Når folk som aldri har vore her før kjem til byen, er det ikkje dei pittoreske gamle husa dei ser. Dei ser dei gamle husa som treng måling og nye vindauge. Eller ei gravemaskin og ei knusarball. Dei ser ein liten og litt sliten by i identitetskrise. Ein by som slitest mellom det han ein gong var, og det han ein gong kanskje skal bli. Ein by i limbo, og der har Florø vore sidan åttitalet. Minst. Florø by har ein slags forsoffen sjarm, men eg vågar meg likevel på ein brannfakkel: Dei siste åra har fienden i aust kasta av seg stempelet som landets styggaste by, og tatt grep som gjer at Førde sentrum i dag fremstår som meir innbydande enn Florø på mange vis. Kan vi vere tilfreds med det? Nei!

Jernbana kjem aldri til Florø, skreiv Staalesen. Det toget har gått, og difor er byen eit Noreg i miniatyr. Ein stad der du alltid vil kjenne deg heime. Det er jo også ein attest å ta med seg, men eg trur ikkje det blir mindre heimekoseleg av å rive nokre rønner i sentrum. Grunneigarar må halde vedlike, eller bøteleggast slik at dei sel til nokon som vil. Tida er moden for å ta grep. Få vekk rønnene. Bygg nytt.

Men ikkje naboen min, då. Han får restaurere!

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken