Arkeologane fann tre nye steinalderfunn

 Arkivfoto av arkeolog Morten Ramstad.

Arkivfoto av arkeolog Morten Ramstad. Foto:

Arkeologane fann i juli tre nye kulturminne på Hornskor i samband med planarbeidet om Via Ferrata på Hornelen.

DEL

Kommunen legg opp til å bruke eksisterande vegtrasé, men vil legge inn ekstra møteplassar på sjøsida av vegen. Desse kjem i konflikt med sikringssonene til freda kulturminne.

Rådgjevar Karoline Hareide Breivik i Sogn og Fjordane fylkeskommune viser til at utbetring av den kommunale vegen fram til parkeringsplassen for kyrkjegarden og turstien til Hornelen, kjem i konflikt med 14 automatisk freda kulturminne. 

– Skatestraumen-området er i ei særstilling når det gjeld busetnad frå steinalderen. Det er registrert heile 154 buplass- og aktivitetsområde, skriv ho i si uttale til kommunen.

Parkeringsplassen ved kapellet på Hornskor.

Parkeringsplassen ved kapellet på Hornskor. Foto:

Straumen i sundet gjer at det er uvanleg gode fiskemoglegheiter, som gjorde at steinaldermenneska fann området attraktivt. Dette kjenner ein også frå andre liknande område i landet. Helleristningsfeltet i Vingen er Nordens største, med meir enn 2300 figurar rissa inn i fjellet.

– Samfunnsnytta av tiltaket er større enn bevaringa av kulturminna

Rådgjevar Karoline Hareide Breivik

I Sløkjebakken og Blautemyra på Hornskor fann arkeologane i sommar ikkje uventa tre nye lokalitetar med avslag av flint, restar av ein eldstad og spor etter dyrking.

– Kulturminna er ikkje synlege på overflata, noko som gjer at formidlingsverdien ikkje er så stor, skriv Breivik i si tilråding.

Sjølv med tre nye funn, landar fylkeskommunen på ei positiv tilråding til vegutvidinga for Via Ferrata-prosjektet, og sender stafettpinnen vidare til Bergen Museum og Riksantikvaren.

– Samfunnsnytta av tiltaket er større enn bevaringa av kulturminna, konkluderer Breivik. 

Reguleringsplanen som er på høyring legg opp til utviding av eksisterande parkeringsplass og etablering av servicebygg der maksimum 25 personar kan opphalde seg. Dette på grunn av regelverk i samband med kartlagt sannsyn for rasfare.

Artikkeltags