Sjå bilde frå spelet på Smørhamn!

04. juli 2019, kl. 13:07

Spelet «Bella og Solla  - og Per» er eit nytt syngespel som vart sett opp utandørs på Smørhamn handelsstad for første gong 29. og 30. juni. I spelet møter ein systrene Bergljot og Solveig ein sommardag i 1934. Vi blir kjende med familie, naboar og dyra på garden. Ung kjærleik, kvardagsliv, sjukdom og treskodans var noko av det publikum fekk oppleve. Tekst og musikk er skriven av Tor Karseth, og stykket er basert på boka «Oppvekst ved havet» av Solveig Nes, som vaks opp på Steinset i Kalvåg.