Bremanger fekk Silisium-song

Silisium vokal er f.v. Linn T. Belset Helldal, Linn K. Sande Igland, Silje Dahle, Elisabeth Solbakken, Monica Hauge, Elise Tuul, Grete Berntzen, Hilde Hauge og Jane Elisabeth Hoel. Foto: Kjell Aga Ulvestad

Silisium vokal er f.v. Linn T. Belset Helldal, Linn K. Sande Igland, Silje Dahle, Elisabeth Solbakken, Monica Hauge, Elise Tuul, Grete Berntzen, Hilde Hauge og Jane Elisabeth Hoel. Foto: Kjell Aga Ulvestad

Artikkelen er over 2 år gammel

Denne helga hadde Silisium Vokal sine to første offisielle konsertar.

DEL

Den nye vokalgruppa, nok eit vekst i den frodige kulturskogen i Bremanger, blei stifta i januar i år, og har rett nok sunge til ein del tilstellingar gjennom året.

Stor songerfaring

– Dette var første gong vi stod i lag, alle ni på scenen, fortel leiar i koret, Elisabeth Solbakken.

Trass i at dei fleste av damene har solid med fartstid bak seg, var det ein smule nervøsitet ute og gjekk før helgas konsertar, avslører Solbakken

– Vi var frykteleg nervøse, og hadde ikkje satsa på dei største lokala i kommunen!

Men Silisium fylte alle seta begge stadar og fekk gode skussmål frå publikum.

Alle i Silisium Vokal har songbakgrunn, og samtlege er handplukka av Elisabeth Solbakken til å vere med på prosjektet.

– Dette er dyktige damer som har brei erfaring frå musikklivet i Bremanger. Nokre har vore med i Bremanger Musikklag i mange år, andre har vore med i Svelgen Songlag. Dessutan har vi Linn Therese Belset Helldal som nett har flytta tilbake til kommunen og er utdanna musikar, ramsar Solbakken opp.

(Artikkelen held fram under videoen.)

Silisium Vokal

Fullpakka program

Eit prosjekt som dette, der alle vokalistane er likestilte og backar kvarandre, stiller andre og høgare krav stemmene enn det ein opplever i eit kor. Dei er for det første færre enn ein vanlegvis er i eit kor, og dei brukar stemmene sine mykje meir variert, meir som eit instrument.

– Dette er meir utfordrande, ja. Eg la lista høgt då eg delte ut dei første notane. Men eg trur jentene elskar utfordringa ved å byrje frå grunnen av, og det å få til noko godt, er veldig moro!

Eg la lista høgt då eg delte ut notane.

Elisabeth Solbakken

Også tida framover er fullpakka for songsøstrene. Dei skal vere gjester ved juleshowet på Knutholmen den 9. desember, og dei skal vere gjester på den tradisjonsrike nyttårskonserten i Svelgen om alltid går føre seg første laurdag etter nyttår – altså 6. januar. Også på Eid er damene ønskte i nær framtid.

– Det er nesten så vi har måtta takke nei til ting... Det er travle dagar, vi er mødrer og det skal passe inn. Vi rir på ei bølge akkurat no, og det er sjølvsagt veldig kjekt å få lov å synge – det er jo det vi vil!

Artikkeltags