Fredag kveld slapp dei nyheita: «Gladmelding frå Opplev Bremanger: Vi har i dag booka Eva Weel Skram!". Eva Weel Skram kom inn i norske stover via TV-skjermen då ho i 2005 deltok i Idol. Sidan den gong har ho saman med bandet Eva & the Heartmaker markert seg sterkt og gitt ut fire kritikarroste album. Berre i løpet av dei to siste dagane har dei spelte tre utselde konsertar på Ole Bull Scene i Bergen. Det er ei meir luftig scena som ventar duoen i juli.
– Dette er stort, slår Roger Igland i Rockweekend fast.
Konsertscena vert ingen ringare enn toppen av Steinfjellet i Bremanger. Der skal dei spele som akustisk duo. Det er saman med Thomas Stenersen at Skram utgjer bandet Eva & the Heartmaker.
Må ha full klaff med vêret
– Det passar godt i storslått natur. Bakteppet vert Nordfjord og utsikt mot havet i nordvest. Om vêret klaffar vert dette heilt magisk, seier han.
For her er vêret alfa-omega. På toppen av Steinfjellet, 637 moh., er dei utsett både for regn og vind. For at arrangørane skal kunne gjennomføre må dei treffe på alle notane.
– Om vi får full klaff med vêret vert det ei avslutning av Rockweekend heilt utanom det vanlege. Det kan samanliknast med Vetvika-konserten i 2014 då 2000 menneske strøymde til, seier han.
(Artikkelen held fram under bilde.)
Musikk i fjellet
For å komme seg til konsertscena kan publikum ta akkurat kva veg dei sjølv vil – anten det er frå Igland, Koppen eller Svarstad.
– Vegen dit vel ein sjølv – om det så er med fallskjerm eller hangglider. Alle fjellglade menneske med alminneleg føre kan ta seg opp på om lag ein time. Den enklaste vegen går via anleggsvegen for Bremangersendaren som startar på Svarstad. Sidan det er ein ettermiddagskonsert, kan folk nytte heile dagen i fjellet om dei så ønsker, seier Igland.
Om vêret ikkje er med dei på laget denne gongen vert det likevel konsert søndag den 3. juli, men rett nok under eit tak og innanfor fire vegger.
Kritikarrost popduo
Nyheita om at Eva & the Heartmaker kjem til Bremanger har allereie spreidd seg, då Facebook-posten til Opplev Bremanger allereie tidleg laurdag hadde fått 8000 visningar knappe 10 timar etter at nyheita vart slept. Bandet har fått brei appell etter Weel Skram gjesta årets sesong av Hver gang vi møtes, der ho saman med artistar som Wenche Myhre, Ravi, Admiral P og Henning Kvitnes framførte både eigne låtar og coverlåtar av dei andre artistane. Fleire av låtane frå TV-programmet har Eva & the Heartmaker spelt på konsertane på turnéen dei er ute på no. I mai vitja bandet Gullruten med låten «Vi Lovar». Det er bandet sin versjon av Oscar Danielson sin kjende og nydelege låt «Besvärjelse», som faren til Weel Skram har oversett til nynorsk.
Aftenposten på si side har erklært bandet som«eit av dei store eksportpotensialene» i deira melding av bandets fjerde og kritikarroste album «Traces of You», som kom ut i 2013. Du har kanskje høyrt poplåtane som var elska av radiovertar landet over; «Mr. Tokyo", "Calling You", "Gone in a flash", "Signals» og Told You». Duoen har og vekt oppsikt utanfor Norges grenser og blei mellom anna hylla i den amerikanske storavisa New York Post, der dei mellom anna vart samanlikna med dei anerkjende banda The Ting Tings, Van Halen og Alphabeat.
Under Rockweekend i år får du samstundes sjå band som King Pleasure & the Biscuit Boys og Mezzoforte. Billettane for å få med seg desse, og Eva & The Heartmakers, er rett rundt hjørnet. Akkurat når dei vert klare er ikkje offentleggjort, men Igland lovar at dei vert lagt ut innan ei veke.
– Hald utkikk med Facebook-sida vår, oppmodar Igland.