Mange frå Flora og Bremanger når sine hårete mål 15. februar

TRIO: F.v. Ive Van Oorschot, Borgar K. Bjarkason og Thea Louise Esp er alle med på musikalprosjektet "Hair" på Firda VGS fredag 15. og laurdag 16. februar.

TRIO: F.v. Ive Van Oorschot, Borgar K. Bjarkason og Thea Louise Esp er alle med på musikalprosjektet "Hair" på Firda VGS fredag 15. og laurdag 16. februar. Foto:

Av

Firda vidaregåande skule set opp musikalen «Hair» helga før vinterferien.

DEL

Ive Van Oorschot (18) frå Davik har ei av hovudrollene ved årets musikal på Firda vgs. Ho er tredjeklassing på musikklinja ved skulen, og er godt i gong med øvinga til musikalen som skal visast fram. 

ØVING: Eilin Styve (18) frå svelgen (nede til venstre), Nikoline Samuline Torvanger Førde (18) frå Florø (bakerste rad, i midten), Mina Susanne Kjerpeset (18) frå Svelgen (i midten), og Ine van Oorschot (18) frå Davik går alle Drama eller musikk. Likevel er dei med på dansenumra i musikalen.

ØVING: Eilin Styve (18) frå svelgen (nede til venstre), Nikoline Samuline Torvanger Førde (18) frå Florø (bakerste rad, i midten), Mina Susanne Kjerpeset (18) frå Svelgen (i midten), og Ine van Oorschot (18) frå Davik går alle Drama eller musikk. Likevel er dei med på dansenumra i musikalen.

– Denne musikalen tar opp mange spesielle tema som kanskje ikkje er like framståande i dag. Haldningar knytt til krig og den frie fredselskande tankegongen til hippiane. Det gjer det heile til ein morosam og spesiell oppleving å vere med på, seier Ive, og smiler.

For det er ein musikal som speler på alle strengane i kjenslelivet.

– De kjem forhåpentlegvis til å le, kanskje grine litt og, seier ho.

Alle med på alt

I musikalen jobbar alle musikk, dans, og drama (MDD) elevane på Firda på tvers av klassane. Alle er spesialisert innanfor sitt felt, men for dei som kjem får også høve til å sjå musikkelevar vere skodespelare, og dramaelevar danse.

DANS: Maja A. Paulsen (18) frå Florø (nede i venstre hjørne), Mina Susanne Kjerpeset (18) frå Svelgen (nede til venstre), og Ive van Oorschot (18) frå Davik øver på ein dans til musikalen.

DANS: Maja A. Paulsen (18) frå Florø (nede i venstre hjørne), Mina Susanne Kjerpeset (18) frå Svelgen (nede til venstre), og Ive van Oorschot (18) frå Davik øver på ein dans til musikalen. Foto:

– Samarbeidet har fungert ganske bra, sidan vi kjenner kvarandre og vi er ikkje redde for å prøve nye ting saman. Det har vore litt utfordane å finne tid på tvers av linjene ettersom vi har forskjellige timeplanar, men vi får det til å fungere, seier Thea Louise Esp (18) frå Eikefjord.

Thea Louise går dramalinja på Firda vgs., og det har inspirert ho mykje. 

– Eg har lyst å gå vidare med teater i framtida, så det å ha vore med i ein musikal har bydd på fleire utfordringar og erfaringar som eg vil ha mykje nytte av vidare, nemnar Thea Lousie.

At det er eit fellesprosjekt på tvers av linjene, er også sosialt byggande for skulemiljøet.

Ein ting er at alle jobbar saman for eit godt resultat og ei god førestilling, men ein får også ei ny forståing for sine medelevar og kva kvalitetar og evner dei bringar til prosjektet.

Borgar Bjarkason, elev på musikklinja Firda Vgs.

– Det har vore veldig morosamt å jobbe slik. Vi kan le saman når vi gjer feil, og det er godt å vite at alle er i same båten, legg Ive til.

Styrer tangentane

Borgar Bjarkason (18) frå Bremanger er ikkje skodespelar i musikalen, men ein av dei mange musikarane som sit i bandet. Han har spelt klassisk piano i åtte år, har spelt rytmisk piano i to år, og har planar å studere musikk i framtida. 

BANDET: Borgar K Bjarkason (18) frå Bremanger (bak frå venstre), Iben Solberg (18) frå Florø og Mildrid Taklo (18) frå Grov spelar i orkesteret når Firda vgs sett opp musikalen Hair. 

BANDET: Borgar K Bjarkason (18) frå Bremanger (bak frå venstre), Iben Solberg (18) frå Florø og Mildrid Taklo (18) frå Grov spelar i orkesteret når Firda vgs sett opp musikalen Hair. 

– Som musikar er det veldig mykje å lære av slike produksjonar. Ein må ofte endre på ting litt i siste liten, og ein blir nøydd å vere konsentrert på alt som skjer rundt seg heile tida, seiar Borgar.

Og han reklamerer for prosjektet han no er ein del av.

 – Det blir ei stor oppsetting og ein flott musikalsk oppleving, der dokke vil sjå alt frå krig, fridom, seksualitet, død og fordervelse, som utgjer ein veldig menneskeleg historie med mykje artig og flott musikk.

Spleisar elevane

Toleransen som kjenneteikna hippie- kulturen og ungdomsopprøret i samband med Vietnam-krigen, er tema i «Hair». Den er ikkje mykje annleis frå den vi ser i trygge Norge, ei heller på Firda VGS, skal vi tru 18-åringen Bjarkason.

– Miljøet på Firda er generelt ganske godt. Eg vil tru dei fleste elevar kjenner seg velkomne her, og det blir brukt tid på at elevane skal få bli kjent med kvarandre. Det er eit tolerant miljø, uansett kven du er, uansett kvar du kjem frå og uansett dine interesser, poengterer Bjarkason.

Han meiner musikalen spleisar elevane frå Musikk, Dans og Drama på fleire plan. Ein ting er at alle jobbar saman for eit godt resultat og ei god førestilling, men ein får og ein ny forståing for sine medelevar og kva kvalitetar og evner dei bringar til prosjektet. Ein musikal er ein relativt stor oppsetting, med mange utfordringar og opplevingar, difor blir det desto meir givande for dei forskjellige linjene å sjå at dei fungerer godt saman.

– Eit slikt fellesprosjekt er ei fin oppleving å dele med medelevane og det hjelper å spleise dei forskjellige linjene saman slik vi no gjer, avsluttar han.

Dette er musikalen "Hair"

Hair er ein klassikar av ein rockemusikal du seint vil gløyme. I år har musikk, dans og drama ved Firda videregåande skule teke mål av seg å gjenskape musikalen som rokka ved det konservative USA då den vart vist på Broadway først i 1967. 

"Hair" fortel historia om «Stammen», ei gruppe politisk aktive og langhåra hippiar. Dei  lever eit fritt liv i New York og yter motstand mot den amerikanske verneplikta som sender unge menn i  Vietnamkrigen. Claude kjem frå bygda og mellomlandar i New York på veg til ein militærleir etter å ha verva seg til krigsteneste. I New York møter han hippien Berger og hans vennegjeng, og ikkje minst møter han overklassejenta Sheila. Desse unge menneska slit med å finne balansen mellom ungdomstid, kjærleik og den seksuelle frigjeringen på den eine sida; og opprør mot krigen, konservative foreldre og samfunn på den andre sida. Til sist må Claude ta stilling til om han av samvitsgrunnar skal la vere å dra ut i krigen, eller gi etter for presset frå foreldra og styresmaktene ved å dra til Vietnam.

Musikalen er eit produkt av hippirørsla som motkultur og den seksuelle revolusjonen på 1960-talet. Fleire av songane har i seinare tid blitt brukt av fredsrørsla.

Musikalen vert vist i Kultursalen på Sandane fredag 15.februar kl 18:00 og laurdag 16.februar kl 16:00.

Artikkeltags