Ambisiøse damer- ambisiøst namn

Silisium- vokalgruppe frå Bremanger. Vokalistane er : Grete Berntzen, Elisabeth Solbakken, Linn Sande Igland, Monica Liseth Hauge , Hilde Gretha Hauge , Silje Dahle, Linn Therese Belseth Heldal , Eliise Tuul og Jane Elisabeth Hoel.

Silisium- vokalgruppe frå Bremanger. Vokalistane er : Grete Berntzen, Elisabeth Solbakken, Linn Sande Igland, Monica Liseth Hauge , Hilde Gretha Hauge , Silje Dahle, Linn Therese Belseth Heldal , Eliise Tuul og Jane Elisabeth Hoel. Foto:

Dei har kalla vokalgruppa si opp etter Bremangers største eksportartikkel, superreint silisium.

DEL

Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

Vokalgruppa Silisium Vokal har eksistert i knappe ti månadar og er samansette av ni aktive damer frå Svelgen, Davik, Bremanger og Kalvåg. Repertoaret er henta mest frå populærmusikken og kan framførast acapella eller med band. Dette er ingen noviser - men røynde damer med ei stor felles drivkraft - gleda ved å synge. A-kjendisar med solisterfaring i eigen kommune, men med ambisjonar om å opptre også andre stader i fylket.

- Vi tok navnet Silisium av fleire grunnar. Vi likar namnet godt og var einige om at dette var eit godt namn. Ikkje minst fordi Elkem Bremanger produserer silisium - som er eit av verdas viktigaste grunnstoff. Eigenskapen til grunnstoffet silisium er nemleg at det lett tilpassar seg alle andre grunnstoff. Som ei vokalgruppe må vi også tilpasse oss kvarandre. og sørge for at stemmene våre vert fletta saman. Samstundes vil vi tilpasse oss publikum og presentere noko som fell i smak, melder damene på si Facebook-side.

Dei skal halde debutkonsert 27.oktober i festssalen på Svelgen omsorgssenter og held konsert i ytre Bremanger i Kulturhuset Heimen dagen etter.

Dei er lokalkjendisar i Bremanger sitt rikhaldige musikk og kulturliv.Silisium er: Linn Karin Sande Igland , Eliise Tuul , Elisabeth Solbakken , Grete Berntzen, Hilde Gretha Hauge, Monica Liseth Hauge , Linn Therese Belset Heimdal , Silje Dahle , Jane Elisabeth Hoel.

Dei har erfaring frå konsertar saman med Bremanger Musikklag og deira store turnéar i fylket dei siste to tiåra. Andre er songarar /solistar i ulike konsertar/show, revyar i kommunen, til dømes med Svelgen songlag, Kalvåg Songlag , musikkteateret ”Der båra bryt”.

Artikkeltags