Vil utvide utstilling

Etterlyser: Reidun Øvrebotten ønskjer å låne handkolorerte bilde frå Aase Botnmark si hand til utstillinga av skulpturane hennar. – Det hadde vore stas å kunne vise fram foto som ho handkolorerte, seier ho.arkivfoto: anita m. ingebrigtsen

Etterlyser: Reidun Øvrebotten ønskjer å låne handkolorerte bilde frå Aase Botnmark si hand til utstillinga av skulpturane hennar. – Det hadde vore stas å kunne vise fram foto som ho handkolorerte, seier ho.arkivfoto: anita m. ingebrigtsen

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

KALVÅG: Snart opnar ei utstilling av Bremanger-kunstnaren Aase Botnmark i Galleri Dorthea.

DEL

Botnmark var frå Botnane, der ho vaks opp som den yngste av sju søsken, fødd i 1927. Under eit opphald på Hagevik Sanatorium i barndommen vart teikning ein viktig syssel for å få tida til å gå, og det var starten på hennar karriere.

Dreiv Vest Foto

Ho og mannen Kåre dreiv i mange år Vest Foto i Florø, og i denne perioden dreiv Aase med handkolorering – fargelegging av svart/kvitt-fotografi. Det var mannen som tok bileta, og no ønskjer å Reidun Øvrebotten å forsøke å få tak i nokre av dei i samband med at skulpturane til Aase Botnmark blir utstilte i Galleri Dorthea.

– Dersom nokon kan hjelpe meg med handkolorerte foto frå Aase Botnmark eller Vest Foto/Kåre Botnmark, blir eg veldig glad, seier Ørebotten.

Ho trur spesielt det finst ein del bilde av båtar som Botnmark har lagt farge på.

– Eg veit at det gjeldt mellom anna båtar som var laga på dåverande Ankerløkken og diverse fiskebåtar, seier ho.

Kommunen eig kunsten

Men det er altså skulpturane til Aase Botnmark som skal vere i sentrum for utstillinga. Ho og mannen flytte frå Florø då mannen fekk jobb som fotolærar på yrkesskulen i Ullensaker i Akershus, og i perioden frå 1973 til 1978 var ho hospitant ved Statens Håndverks- og Kunstindustriskule i Oslo.

"Eg vil gjerne låne handkolorerte bilde frå Aase Botmark.

reidun øvrebotten

galleri Dorthea

Talentet hennar vekte oppsikt, og ho fekk mellom anna gode tilbakemeldingar frå skulptøren Per Ung.

Botnmark har fleire gongar stilt ut, både i separatutstillingar og saman med andre, og fleire av skulpturane hennar vart selde, spesielt til private samlarar.

Ho ønskte sterkt at heimkommunen Bremanger skulle disponere kunsten hennar, og det vart då også inngått ei deponiavtale med Bremanger kommune etter hennar død. Det er denne kunsten Reidun Øvrebotten no ønskjer å vise fram.

– Laurdag 21. mai opnar eg utstillinga i Galleri Dorthea. Då hadde det vore stas å også kunne vise foto som Aase handkolorerte, seier Øvrebotten.

Artikkeltags