Vårslapp? Prøv denne energipillen

Ole Hamre og Gabriel Fliflet i velkjent driv.

Ole Hamre og Gabriel Fliflet i velkjent driv. Foto:

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

Treng du ei vitamininnsprøyting etter ein lang og mørk vinter? Prøv Fliflet Hamres Energiforsyning.

DEL

Den musikalsk spinnville duoen har 25 års bryllapsdag i år og som del av det spelar dei på Havly i Bremaner kvelden 4. mars. Dei har finforedla det som har blitt kalla verdas minste storband. Duoen består av Ole Hamre på trommer, stepping, hamrofon og sang, og Gabriel Fliflet på trekkspel og sang.

Repertoaret består av alt frå finske tangoar via texmex til vakre mollperler frå den nordiske melodiskatten. Harald Sæverud servert i 9/8-delstakt eller kanskje spritar dei opp det heile med italienske partysongar? Det blir krumspring med tonale, fysiske og verbale innslag. Store kontrastar, men ei opleving full av både feitt- og vassløyselege vitaminar.

– Unn dokke ein kveld med dette fantastiske ensemblet, som har turnert i mange land. De vil garantert ikkje angre, understrekar Norvall Klungresæter i Musikk-Kafè.

Artikkeltags