Bill.mrk. Kor søker halleluja-forsterkingar

Brandsøykoret framfører "We are the Champions" under sin Queen-konsert.

Brandsøykoret framfører "We are the Champions" under sin Queen-konsert. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Søndag 11. februar er det ikkje berre morsdag og fastelavn. Etter at du har stappa deg med kake og bollar, kan du, viss du greier, legge turen til Florø kyrkje og få med deg ein fantastisk flott konsert. Det er stjernelaget Paal Flaata, Stephen Ackles og Vidar Busk som kjem til Florø med sin "In memory of Elvis"- gospelkonsert. Og dei har engasjert Brandsøykoret til å skape den rette storslagne lyden av henført lovprising.

- Vi skal vere med på seks av songane, med originale arrangement og skikkeleg halleluja-stemning, forkynner korleiar Nina Langedal.

Kjendis-koret?

Og dette er ikkje første gongen koret et kirsebær med dei store. I fjor var Maria Arredondo og Torstein Sødal i Florø og heldt konsert i kyrkja, og også då var det Brandsøykoret som blei spurt om å bidra.

- Vi fekk litt erfaring då, og kjende at det var veldig moro og utfordrande å synge med slike flotte solistar, fortel Langedal.

Faktisk gjekk det så bra at Arredondo og Sødal har bede koret gjenta suksessen når dei kjem tilbake til Florø med sin julekonsert mot slutten av 2018. Men først skal Elvis sine gospel-arrangment puggast. Det fekk dei vite i november, og då var dei ikkje ferdige med sine eigne julekonsertar, så dei fekk ikkje starta på arbeidet med å øve inn gospel-stemmene før no i januar. Og til dette arbeidet kunne dei trengt eit par ekstra tenorar. Og kanskje ein bass.

- Det passar fint viss nokon til dømes kunne tenke seg å vere med på eit prosjekt som dette, utan at dei har lyst å forplikte seg til å vere faste medlemmer. Vi veit at det er ein del som kunne tenke seg å synge meir, men som ikkje kjenner at dei har tid til å gå i kor. Vi har faktisk allereie fått med ni stykker som skal vere med berre på dette prosjektet, men vi treng altså fleire menn!

Elvis-fans? Njaaa...

Koret har hatt fleire konsertar med ulike tema, mellom anna har dei hatt Queen-konsert og Beatles-konsert og dei har halde julekonsert med amerikansk aksent. Men Elvis-konsert, det har dei aldri hatt.

- Er det mange Elvis-fans i Brandsøykoret?

- Nei, eigentleg ikkje, men vi har jo vakse opp med Elvis-musikk, alle saman. Eg har ikkje sjølv noko forhold til gospel, men vi har nett hatt første øving, og ser at dette blir veldig kjekt. Det er jo flott musikk!

F.v. Vidar Busk, Paal Flaata, Stephen Ackles - Elvis-konsert i kyrkja 11. februar

F.v. Vidar Busk, Paal Flaata, Stephen Ackles - Elvis-konsert i kyrkja 11. februar Foto:

Elvis-konsertane til Ackles, Busk og Flaata starta i januar 2015, då Elvis Presley ville ha fylt 80 år. Meininga var å hylle The King ved å halde ein ti til femten konsertar over ein tre-månadersperiode. Til no har det blitt meir enn 110 konsertar. Konserten dei kjem til Florø med, er ein oppfølgjar til den første hyllest-konserten, og her konsentrerer trioen seg utelukkande om gospel-karrieren til Elvis. I løpet av karriera si fekk han berre tre Grammy'ar, og dei fekk han alle for gospelplater.

Under konserten får vi høyre kjende songar som "Oh Happy Day", "How great Thou Art", "An American Trilogy" og "He is my everything". Så kjenner du jubelen sprenge i brystet og trongen til å opplate di (tenor)røyst, kjem du i kontakt med både Nina Langedal og Brandsøykoret på Facebook.

Artikkeltags