Dikarstien i Botnane. Magni Øvrebotten.

Dikarstien i Botnane. Magni Øvrebotten. Foto:

Oppdag Botnane ved å gå i fotspora til lyrikar Jan-Magnus Bruheim

I sju år budde forfattaren og diktaren Jan-Magnus Bruheim i Botnane. I år, 30 år etter han døydde, opnar bygda Diktarstien for å heidre han.
Maiken Aannevik Solbakken
Publisert
DEL
I sju år budde forfattaren og diktaren Jan-Magnus Bruheim i Botnane. I år, 30 år etter han døydde, opnar bygda Diktarstien for å heidre han.

Den første gongen Magni Øvrebotten møtte Jan-Magnus Bruheim var 1. november 1978. Magni var journalist i den nyskipa lokalavisa Dølaposten og skulle intervjue Bruheim om den nye boka hans. Ho møtte han heime i Skjåk. No, 40 år etter, skal den tidlegare NRK-redaktøren frå Botnane opne Diktarstien – eit tiltak for å heidre diktaren Jan-Magnus Bruheim og oppdage Botnane i diktinga hans.

Intervjuet i 1978 vart knapt,
skal vi tru Magni sjølv.

– Han var ein mann av få ord. Så det intervjuet tok ikkje lange tida, ler Øvrebotten der ho sit på den nylaga rasteplassen som markerer starten på den uopna Diktarstien.

Det var først då Jan-Magnus spurte kvar Magni var ifrå, at samtalen verkeleg skaut fart. Det var nemleg på Vestlandet at lyrikaren kjende seg heime, og han hadde i mange år reist rundt for å halde diktkveldar og talar til vestlendingane. Han ønskte å busette seg på kysten, og hadde tidlegare snakka med ein kar som lova å ordne eit skulehus for han i Solund. Men oppgitt vedgjekk han at han ikkje hadde høyrt noko meir frå den karen.

– Då datt det ut av meg at vi hadde eit tomt skulehus heime i Botnane som han sikkert kunne få leige. Då vart han svært ivrig og spurde om eg kunne skaffe huset til han, fortel Magni.


Men den unge journalisten
drog attende på jobb og trudde ikkje det var noko hast å ta telefonen til skulesjefen i Bremanger. Men det var det. Tre dagar seinare stod Jan-Magnus på døra til Dølaposten og lurte på om ikkje Magni hadde fått ordna huset.

– Då skjønte eg at det hasta, ler Øvrebotten og legg til:

– Og eg fekk litt kalde føter, hugsar eg. Kva i alle dagar var det eg hadde stelt i stand? Korleis ville bygda ta mot han og ville han trivast?

Knappe fem veker seinare, den 12. desember 1978, flytta Jan-Magnus inn i skulehuset. Eit hus han budde i dei neste sju åra, heilt fram til november 1985, tre år før han døydde.


Saka held fram under

Skulehuset: På baksida av skulehuset heng dette diktet. Eit av versa er "Det står og minnast - alt som var ein gong, - og kallar fram att - leik og lått og song"

Skulehuset: På baksida av skulehuset heng dette diktet. Eit av versa er "Det står og minnast - alt som var ein gong, - og kallar fram att - leik og lått og song" Foto:



I 2014 var det 100 år
sidan lyrikaren og forfattaren Jan-Magnus Bruheim vart fødd i Skjåk. I høve 100-årsjubileet vart Diktarstigen i Skjåk opna til minne om lyrikaren, med åtte tavler med dikt eller sitat. Det var her Magni fekk ideen om å skape noko liknande i Botnane.

– Fleire av dikta hans er prega av tida i Botnane og nokon veit vi òg kvar han vart inspirert til å skrive dei, fortel Øvrebotten og legg til:

– Halvparten av dikta på Diktarstien er plassert der han fekk inspirasjon til dikta.

Stien har seks stoppestader, med dikt og informasjonsskilt. Du skal kunne gå stien og få informasjonen du treng etter kvart.




Saka held fram under bilde

DIKTARSTIEN: Når sola står høgst på himmelen treff solstrålane skiltet på Flôtholmen, og du kan sjå diktet "Ved fjøre sjø" glimre i solstrålane.

DIKTARSTIEN: Når sola står høgst på himmelen treff solstrålane skiltet på Flôtholmen, og du kan sjå diktet "Ved fjøre sjø" glimre i solstrålane. Foto:



Ein av stoppa du får oppleve om du går diktarstien, er Flôtholmen, ein holme han sjølv kalla «øyi mi». På Flôtholmen sat han mykje, skreiv dikt og opplevde stilla. Holmen ligg sentralt i bygda – men skal du dit, må du kjenne tidene for flo og fjøre. Diktet «Ved fjøre sjø» fortel godt korleis øya er forma ut:


Ved fjøre sjø

er denne øya landfast

og du kan nå

dei andre om du vil.


til dei siste strofene


for seint du varast

der du stig or draumen,

ikring har sjøen flødd

og du er løyst frå land.


Dette opplevde sjølv Øvrebotten saman med broren og mannen sin då dei arbeidde på holmen i vinter. Tida gjekk fort medan dei saga ned skog og brende greiner. Dei skulle berre gjere «litt til» heile tida, men plutseleg var sjøen høg og dugnadsgjengen var landfaste. Medan ein ved fjøre kan gå tørrskodd på Diktarstien heilt ut til holmen, må ein vasse når det er flo.

– Men på dei stadane der det er vanskeleg å komme seg fram, har vi plassert eit ekstra dikt i nærleiken av vegen. Slik kan alle får med seg alle dikta, fortel Øvrebotten.
 

Då han flytta til Botnane fekk diktinga hans ny næring, nye motiv og nye synsvinklar. Det resulterte i at 11 av hans 45 bøker vart skrive medan han budde her.

Magni Øvrebotten



 

Medan Flôtholmen betydde mykje for Jan-Magnus, har det ikkje vore slik for alle i bygda. På øya høyrer ein mest berre naturlydar, dei pipande skrika til tjelden og sus frå vinden.

– På ein måte har prosjektet ført til at ein ser fleire stader i bygda med nye auge. Fleire har kome til meg no og fortalt at dei aldri har vore denne holmen. No, når stien er komen og det er rydda skog legg mange turen ned hit, seier Magni.
 

Diktarstien er laga på dugnad av bygdefolket og innsamla midlar. Sivilarkitekt Bjørn-Are Vollstad har design, logo og skisse for dikt-, raste- og parkeringsplassen på Jørnjorda. Men det er entreprenør Øystein Faye som har gjort jobben der.

 – Eg er glad for å ha med to slike dyktige fagfolk og Askvoll skiltgravering. Dikta er graverte i stål og bolta til stein, noko anna nyttar ikkje her. Bror min Torbjørn og mannen min Åsmund er dei som må tole mest mas og mange «ekstra» dugnadar, seier Øvrebotten.




Jan-Magnus Bruheim vart
verandei det nedlagde skulehuset i Botnane frå 12. desember 1978, til han flytte attende til Skjåk 11. november 1985. «Bruheimen» som han vart kalla i bygda, fann seg fort til rette. Øvrebotten minnast då ho kom heim til jul nokre veker etter at Jan-Magnus var flytta inn og fann han glad og fornøgd.

– Det var tydeleg at han likte seg godt i bygda. Då han flytta til Botnane fekk diktinga hans ny næring, nye motiv og nye synsvinklar. Det resulterte i at 11 av hans 45 bøker vart skrive medan han budde her, seier Øvrebotten.

Sjølv kalla han
det for «sju gode år». Sju gode år vart det og for bygda med 25 fastbuande. Juna 1978 tok dei opp att tradisjonen med juletrefest, for no hadde dei ein diktar til å stå for programmet. Og «Bruheimen» laga gjerne dikt og kåserte på ulike samkomer, både i Botnane og elles.


Saka held fram under bilde

I det gamle skulehuset i Botnane budde Jan-Magnus Bruheim i sju år. I vindauget kunne han sjå utover bygda. Skulehuset i Botnane er i seinare tid nytta som grendahus.

I det gamle skulehuset i Botnane budde Jan-Magnus Bruheim i sju år. I vindauget kunne han sjå utover bygda. Skulehuset i Botnane er i seinare tid nytta som grendahus. Foto:



Ei av dei 11 bøkene
han gav ut medan han budde i bygda, var boka «Den kvite hjorten». Barneboka handlar om mobbing og ein albinohjort som skil seg frå dei andre hjortane fordi han er kvit. Mora vert skoten av ein jeger og han vert overlaten til seg sjølv. Kalven passar ikkje inn blant dei andre og får beskjed om å reise attende der han kom ifrå. Boka handlar om hjorten sin kamp for å overleve, vinne kjærleik og finne fellesskap – ei bok om rasisme og mobbing.

– Mykje av det Bruheim skreiv er like aktuelt i dag. Han var ein av dei første som skreiv om mobbing og rasisme for barn, og han er ein av dei mest prislønte banebokforfattarane i landet, fortel Øvrebotten.

– Boka «Den kvite hjorten» hadde han med seg i sekken då han flytta hit. Men han sleit med å bestemme seg for kva dyr det skulle vere. Her vart valet enkelt, for hjort er ofte det fyrste ein ser om morgonen og det siste ein høyrer om kvelden når ein bur her, fortel Magni.
 

Ein av stoppestadane på stien er bak skulehuset, inne i skogen. Der fann Jan-Magnus eit avtrykk i stein som liknar på ein barnefot, som det vart dikt av.

– Dottera mi hugsar godt ein dag Jan-Magnus tok oss med inn i skogen og viste oss avtrykket. Ho var tre år og han fortalde levande om avtrykket og diktet han hadde skrive. Ho vart heilt vettskremd. For kva om det budde tussar og troll i skogen med føter like små som hennar eigne, fortel Magni.

 

Om du vil oppleve Diktarstien vert det offisiell opning den 18 august. Då kjem Sigrid Moldestad attende til bygda, der ho samla 400 menneske til konsert i 2014. I 2014 gav ho ut plata «Brevet til kjærleiken», der ho tonesette dikta til Jan-Magnus Bruheim i høve 100-årsjubileet. Eit av dikta som vart song er «Du i meg».

- Sigrid skal sjølvsagt synge på opninga. Vi håpar mange blir med oss denne dagen og heidrar minne om Jan-Magnus Bruheim og opplever Botnane, avsluttar Magni Øvrebotten.
 



Den morgonen eg vakna
vart alt så underleg.
Sæl kjende eg det levde
eit du i meg.

Nyskapt sto alt ikring meg.
Og lykkeleg og still
kom gleda hit og melde
at du er til.

Frå boka «Leikande menneske»




Diktarstien

18 august opnar Årebrot og Botnane grendelag Diktarstien i Botnane. Stien er til minne om den norske lyrikaren og forfattaren Jan-Magnus Bruheim. Han budde sju år i bygda mellom 1978 og 1985, på slutten av sitt liv. Primus motor for prosjektet er Magni Øvrebotten frå Botnane, tidlegare NRK-redaktør.

Program for opninga

  • Magnhild Bruheim opnar Diktarstien etter farbroren
  • Sigrid Moldestad syng songar ho laga av dikt av Bruheim
  • Hildegunn Nes les dikt og fortel om Bruheim og Vestlandet
  • Magni Øvrebotten leiar opninga
  • Opninga er gratis og open for alle
  • Det er høve til å kjøpe mat i grendahuset

Stien

  • Stien går frå ein ny rasteplass inst i vika, og har fem stoppestader ein kan vandre mellom.
  • På rasteplassen er det laga både bålgrop og henta inn store steinar. Desse steinane skal fungere som sitteplassar og bord. Her er det samstundes laga ein stor logo som skal henge sentralt på plassen og markere starten på stien. Ved sidan av logoen finn ein to informasjonsskilt, samt to dikt av forfattaren.
  • Frå rasteplassen er det kort veg opp til skulehuset, der Jan-Magnus budde, og der det heng to dikt. «Huset som talar» og «Den annsame». Begge desse dikta er skrive medan Jan-Magnus budde i huset.
  • Inne i skogen ved skulehuset er den tredje posten. Der er det eit avtrykk i ein stein som liknar på ein barnefot – det gav inspirasjon til diktet «Fotefår i stein». Dette diktet heng og ved utkanten av skogen, slik at også dei som ikkje har klarar å ta seg fram kan få oppleve det.
  •  Det same er gjort ved stopp nummer fire, Flôtholmen, der diktet «Ved fjøre sjø» heng både ved vegen og nedst på øya.
  • Ved stopp nummer fem, kaia i Botnane, finn ein diktet «Still sjø». Jan-Magnus var på kaia kvar dag båten kom, då han abonnerte på ei rekke aviser.

Finansiering

  • Stien har ein prislapp på 450.000 kroner, der dei til no har sikra 440.000.
  • Midlane er ein kombinasjon av private og offentlege midlar, med det største innskotet er sikra frå Bremanger kommune sitt næringsfond. 213 400 er frå private sponsorar, medan 221 000 er gitt frå offentlege institusjonar.
  • Dei største utgiftspostane var å lage skilt i rustfritt stål, arkitekten si utarbeiding, og maskinarbeidet med mellom anna å flytte dei store steinblokkene frå fjellsida til den nye rasteplassen.

Artikkeltags