"Spor i blod"

Av
Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

BokmeldingDette er tittelen på ei ny bok som blir lansert i Florø fredag 16. juni, dagen før nypremiere til Kinnaspelet. Boka er ein roman som handlar om jakta på etterkomarar etter tre irske prinsesser, og slektskap mellom keltarane i Irland og folket på Vestlandet, særleg Strilane. Under arbeidet med boka kom forfattaren Ivar Fjeld over eit irsk dikt frå ca. år  900, som kan kaste nytt lys over dei legendene Kinnaspelet delvis byggjer på.

Ein av hovudpersonane i romanen, den arbeidslause journalisten Birger Nordvik, fangar interesse for notatar etter avdøde hobbyforskar Oddvar Toft frå Tofterøy i Sund kommune. Notatane tyder på at Toft har funne prov på at det har vore keltarar på Vestlandet lenge før kristninga av Norge.

Ei halv beltespenne av bronse, funne i Bakkasundet i Austevoll i 1974, blir eit viktig forskningsobjekt. Etter kvart viklar Birger Nordvik seg inn i  mange halsbrekkande situasjonar i jakta på fleire bevis som kan underbygge teoriane til Toft. Birger Nordvik er glad i både brennevin og kvinner, ein kombinasjon som ofte får fatale konsekvensar. Han kjem lett på kant med både politi og personar han treng hjelp frå.  Men Berit frå Rognaldsvåg hjelper han ut av mange kinkige situasjonar. Ho er laborant på Haukeland Sjukehus, og dei blir kjende gjennom hennar arbeid med DNA-analyse av ein blodflekk på bronsespenna frå Bakkasundet. Trass i at dei er svært ulike i levemåte og livssyn får dei eit skjebnefellesskap gjennom heile romanen, på reiser både til Austevoll, Irland og til Kinn.

Professor Haakon Dahl, ein litt sjølvgod og tilårskomen arkeolog ved Universitetet i Bergen, blir og etterkvart ein del av dette "forskarteemet ", som til sist reiser til Irland for å finne spor etter prinsessene som rømde landet ein gong rundt år 900. Dei har og planar om å finne  "spor i blod", bruke DNA-analyse for å kunne dokumentere opphav og slektskap. Dette blir ein tur med mye dramatikk, som delvis går over i genren kriminalforteljing.

Vi får og møte Doraine og Aidan, to ungdomar i Connemara, vest i Irland. Dei er begge på leiting etter sitt opphav. Aidan har doktorgrad frå Universitet i København, og er ekspert på den nye DNA-analysen ved namn "Family Three DNA". Det siste halve året har dei

hatt fast følgje. Doraine er svært interessert i slektshistoria si og meiner ho nedstamma frå kongar som styrde her på 800-talet. Ho kjenner og til ei segn frå denne tida som handla om ei ung jente, ei prinsesse ved namn Aingeal. Ho skal ha blitt røva frå svaberga vest i Connemara, og skal ha gifta seg med ein norsk viking.

Første kapittel i romanen starta nett med denne fortelinga om Aingeal som prøvde å rømme, men vart teken til fange av vikingar og førd til Norge. Den irske munken Ciaran reiste nokre år seinare til Norge for å leite etter Aingeal. Han fann dottera hennar, Gyda, i Austevoll og fekk snakke med ho, men han måtte rømme under stor dramatikk.

"Spor i blod, fanga av vikingar i Irland" er inga dokumentarforteljing. Stadnamn og årstal  kan ein kjenne igjen. Men personar, personkarakteristikkar og detaljrikdomen i handlinga er fiksjon eller fri fantasi. Forfattaren har boltra seg med eit fargerikt språk i kjappe replikkar, til dels i dialektform. Dette speglar miljøet på ein fortreffeleg måte. Her og der kan einskildepisodar bli vel dramatiske, før det heile roar seg ned - og oftast blir Birger Nordvik med sitt temperament og kvinnefokus, den uheldige syndebukken som må krype til korset.

Handlinga i romanen skifter ofte perspektiv, mellom ulike stader og miljø; m. a. Bergen, Austevoll og Irland. Det skjerpar lesaren til å halde tråden gjennom fleire tidsperiodar og eit stort persongalleri. Handlinga startar i år 832 på strendene i Connemara og sluttar i 2016 på Flesland flyplass.

Bakgrunn for romanen

Sjølv om handlinga i romanen er ein fiksjon, byggjer romanen på det arbeidet forfattaren Ivar Fjeld frå Sotra, har lagt ned gjennom 3 år, for å finne opphavet til folk på Vestlandet, og i særleg grad Strilane. Gjennom dette arbeidet meiner han å ha funne tydelege spor etter "Strilekulturen" vest i Connemara i Irland.

På dei siste sidene i boka er det trykt eit dikt med 64 strofer (vers), som vart oppdaga mellom kjeldematerialet. Diktet er omsett til engelsk av den irske litteraturforskaren Margaret E. Dobbs, og handlar om dei tre døtrene, Duibhlinn, Bébinn og Bebuda, til kongen "Ecnechan king of Tir Conaill". Diktet er skrive av "Flann Mac Lonáin", som var "riksskald" i Irland frå år 896 til 918 e. kr.  Dei tre døtrene skal tvingast til å gifte seg med tre vikingar (Danar). Den eine dottera rømer.

Det ligg nær å tru  at det gamle diktet skildrar ei historisk hending på Irland, som også kan ha gjeve "inspirasjon" (grunnlag) til Sunnivalegenda og Bornilegenda som Kinnaspelet delvis byggjer handlinga på. Sunnivalegenda vart rett nok nedskriven langt seinare av  norske skrivekyndige personar, truleg knytta til kyrkja. Men handlinga skal skrive seg tilbake frå 800 - 900-talet. Vi veit at kulten rundt dei heilage frå Selja og Kinn er den eldste kristne helgenkulten i Norge, kjend og praktisert alt i 996. Det har vore stilt spørsmål om Sunnivalegenda kan ha historisk substans. Tidlegare har ein ikkje kunne finne samanfallande hendingar i irsk historie.

Kanskje det både er for enkelt og for raskt, å trekke bastante slutningar om dette. Men her synest vere ei interessant utfordring for historieforskarar og historieskrivarar.

Artikkeltags