Etter ein fantastisk flott avslutningskonsert med Karl Seglem med sin eminente NORSKjazz-kvartett på Vassenden kyrkjesenter søndag, var det ein oppglødd leiar for Jølster Jazzklubb som runda av den store jazzhelga.
– Denne helga gir oss inspirasjon til å satse vidare, understreka ho.
Det starta fredag med konsert med lokalkjendis og entertainer Gisle Børge Styve og trioen hans.
Deretter spelte det lokale bandet Tore Hovde Trio på Fjøsen Pub rett ved sidan av hotellet.
Laurdag debuterte Marit Hartvedt sjølv med ein lokal kvintett på Audhild Viken Vevstove.
På kvelden spelte Janne Nybø Kvintett på Skei Hotell, Hot Club d'Ålesund på Fjøsen, før Florø Storband runda av kvelden med storbandjazz og dans.
– Vi fekk gode tilbakemeldingar frå musikarkollegaer både i bergenske Janne Nybø Kvintett og Hot Club d'Ålesund. Storbandet har no organisert seg med eit eige styre som mellom anna skal jobbe med å skaffe speleoppdrag. No er håpet at vi skal komme oss ut og spele meir for folk, seier musikalsk leiar Arne Sunnarvik.
Jølster Jazzklubb vart etablert i mai 2010 og hadde før helga kring 30 medlemmer. Fleire teikna seg i løpet av helga.
Med base på Skei Hotell og nærliggande lokale som Fjøsen Pub ligg det meste til rette for å lage ein intim og god festival. Kunsten er å få alle potensielle jazzofile ut av sofaen ei hausthelg.