Gå til sidens hovedinnhold

Åshild inspirerte til ny motetrend

Artikkelen er over 8 år gammel

Korleis har fylkesordføraren frå Brandsøy greidd å inspriere Moods of Norway? Det kan du sjå her.

Som resultat av eit samarbeid mellom Moods of Norway, Farmhouse og Ricco Vero i Stryn, Norsk Designråd, Reflexconsult,Trygg Trafikk og Sogn og Fjordane fylkeskommune, vil det bli presentert ein ny kleskolleksjon der refleks er eit dekorativt element.

Presentasjonen finn stad onsdag 6. februar i Norsk Designråd sine lokale i Oslo. Kolleksjonen vil vise korleis til dømes ei fin jakke har reflekselement som er dekorative, samstundes som ho vil vere godt synleg til dømes ute på vegen i møte med bilar.

Men om presentasjonen finn stad i hovudstaden, er det ei dame frå Brandsøy som kom med inspirasjonen til kolleksjonen. For ideen og opptakten til den nye kolleksjonen vart gjort av fylkesordførar Åshild Kjelsnes for fleire år sidan, då ho var leiar av Trafikktryggleiksutvalet i fylket. Ho tok kontakt med klesdesignmiljøa i Stryn som fekk snøballen til å rulle. Trygg Trafikk og Norsk Designråd kom inn i biletet saman med næringsavdelinga og dei ansvarlege for folkehelsearbeid i Sogn og Fjordane fylkeskommune. Så vart Reflexconsult kobla inn. Dei er spesialistar på regelverk og standardar. I tillegg har ein mastergradstudent også vore inne og arbeidd med ideen.

- Viss vi lukkast med dette vil vi ha greidd å gjere refleksbruk til noko heilt anna enn det har vore så langt, seier fylkesordførar Åshild Kjelsnes.