Vesle Kinn måtte legge ut ekstrabillettar til konsert

Eliot Bronson kjem til Florø 30. april.

Eliot Bronson kjem til Florø 30. april. Foto:

Då Eliot Bronson blei booka til Vesle Kinn, tippa Eirik Villand at dei kom til å selje 40-50 billettar.

DEL

Tysdag 30. april inntek americana-artisten Eliot Bronson, frå USA,  scena på Vesle Kinn.

– Det var ein type konsert der vi ikkje visste så mykje på forhand kor stor interessa ville vere, seier Eirik Villand ved Vesle Kinn.

Det viste seg at interessa skulle bli stor. Ei veke før konserten la Vesle Kinn ut beskjed på Facebook-sida si om at det berre var tretten billettar igjen. Fredag la dei ut ni ekstrabillettar. Det auka talet med billettar til konserten til 87.

– Det blir fullt, seier Villand.

For lita stove

Det var Firdaposten-journalist Arne Hjorth Johansen som var pådrivaren for å få Bronson til Florø. Han tok først kontakt med musikkbloggen Dust of Daylight, som leitte etter folk som ønska å arrangere konsert i stova si.

– Eg fekk ei liste med namn dei ville hente over, og der stod mellom andre Eliot Bronson. Eg hadde ikkje høyrt han før, men likte han umiddelbart, så eg melde mi interesse for å hente han til Florø, sa Arne til Firdaposten i mars.

Arne merka seg Eliot Bronson, men stova til vart for lita til å halde konsert, og han tok difor kontakt med Vesle Kinn. No blir det i trongaste laget der og.

– Det blir trongt. Vi set opp ekstra benkar for å få plass til alle, seier Villand.

Større interesse enn venta

Sjølv venta Villand at dei skulle selje omlag 40-50 billettar til konserten.

– Arne trudde vi berre skulle selje 20-30 billettar, seier han.

– Men det er bra interesse for kultur her i Florø, legg han til.

Skulle konserten ha vore i ei stove, ville det vore færre som fekk sjå den.

– Det hadde nok vore mange som ikkje fekk anledningen då, seier Villand.

Billettinntektene går til artisten

Vesle Kinn har policy om at det ikkje er billettsal dei skal tene pengar på. Dei inntektene går til artisten. Det er sal frå baren dei tener pengar på sjølv, og Villand håpar og trur at kvelden vil bli bra for utestaden.

– Det er sikkert mange som berre er der for å lytte, men det er jo fridag dagen etter, så det kan bli ein bra dag.

Eliot Bronson har vore aktiv i fleire år, men dette er hans første Norgesturné.

– Dei som er inne i denne musikken seier han er ei komande stjerne. Det hadde vore artig om han slo igjennom om eit år, og allereie hadde spelt i Florø, seier Villand.

Etter konserten i Florø går turen vidare til Svanøy 1. mai og Stongfjorden 2. mai.

Artikkeltags