Andreplass i brass-NM

Flora Bremanger Brassband, Sandra Marie Sælemyr nærast til høgre. Dirigent er faren Johnny.

Flora Bremanger Brassband, Sandra Marie Sælemyr nærast til høgre. Dirigent er faren Johnny. Foto:

Artikkelen er over 10 år gammel

Flora-Bremanger Brassband stakk av med andreplassen i sin divisjon i NM for brassband i Bergen laurdag, og Kjetil Høidal frå Florø Hornmusikk tok solistprisen.

DEL

Flora-Bremanger Brassband og Florø Hornmusikk konkurrerer begge i 4. divisjon.

I brass-NM i Grieghallen laurdag tok Flora-Bremanger 2. plass med 90 poeng. Bjørsvik Brass vann ein klar siger, med 98 poeng.

- Vi er høgt oppe og er blitt gratuelerte opp og ned i meinte. Det gjekk bra. Men korpset har endå meir å gå på, seier ein jublande dirigent Johnny Sælemyhr.

Andreplassen blir ekstra gjev av at vinnarkorpset er sett saman av mange dyktige musikantar med opprykk som eit klart mål, meiner Sælemyr.

Helge Indrevær i Flora og Bremanger Brassband fekk æra av å hente premien for andreplassen, ein diger pokal. Brassbandet fekk også ein pengepremie.

Florø Hornmusikk hamna på 19. plass med sine 81 poeng. Samstundes gjekk solistprisen til euphonium-solisten Kjetil Høydal i Florø hornmusikk.

Resultater 4. divisjon

Plass - Korps - (Dirigent) - Poeng

1. Bjørsvik Brass (Russel Gray) 98

2. Flora-Bremanger Brass Band (Johnny Sælemyr) 90

3. Kristiansand Brass Band (David Tellefsen) 89

4. Lismarka/Mesnali Brass (Morten Fagerjord) 88

5. Fagernes Musikkorps (Odd Arne Erlandsen) 87

5. Flå Musikkorps (Odd Steinar Mørkved) 87

5. Rosendal Musikklag (Torstein Hatlevik) 87

8. Nes Musikkforening (Andres Halla) 86

9. Førde Musikkorps/Musikkorpset Heimdal (Pål W. Jøsok) 85

9. Langhus Brass (Idar Torskangerpoll) 85

9. Randaberg Musikkorps (Selmer Simonsen) 85

12. Salhus Musikklag (Sindre Dalhaug) 84

12. Skeie Gladbrass (Espen Westbye) 84

12. Stavanger Kommunes Korps (Morten Øvrebekk) 84

15. IMI Brass (Per-Erik Petersen) 83

16. Harøy Musikklag (Nils Magne Abelseth) 82

16. Hetlevik Musikklag (Øyvind Nikolaisen) 82

16. Lyshornet Brass (Knut Harald Rydland) 82

19. Florø Hornmusikk (Kjell Erik Husom) 81

19. Lalm Musikkforening (Morten Graff) 81

21. Brummund Nordaasen Musikkforening (Morten Sanner) 80

21. Rudsbygd Brass (Morten Fagerjord) - 80

Solistpris: Euphonium i Florø Hornmusikk

Beste gruppe: Tubagruppen i Førde Musikkorps/Heimdal Musikkorps

Dommere: Elisabeth Fossan, Jappie Dijkstra

Artikkeltags