Forbod mot å ta med alkohol på festivalcamp

CAMPLIVET: No blir det forbod mot medbrakt alkohol på festivalcampar på musikkfestivalar. Som her, på campen på Norsk Countrytreff.

CAMPLIVET: No blir det forbod mot medbrakt alkohol på festivalcampar på musikkfestivalar. Som her, på campen på Norsk Countrytreff. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Kan bety slutten for Norsk Countrytreff på Breim.

DEL

Alle musikkfestivalar med camp for overnatting blir no pålagt totalforbod for medbringa alkohol.

Det går fram av eit brev frå Politidirektoratet (POD) er utsendt til landets politidistrikt, og ordlyden er som følger:

«Med tilvising til gjeldande regelverk ber vi derfor om at politidistrikta [ ...] pålegg arrangøren å søke skjenkebevilling på hele festivalområdet. Dette må også omfatte parkeringsplassar og camper for overnatting.»

Forbod mot medbringa alkohol

Nyleg vart det presisert at også parkeringsplassar og campingområde må ha skjenkeløyve. Og med det blir det forbod mot medbringa alkohol på desse områda, skriv Aftenposten, som først omtala saka.

Den nye strengare handhevinga av alkohollova har tidlegare fått russen og arrangørar av lokale russearrangement til å reagere, blant anna fordi dei meiner at det blir vanskeleg å få arrangert i det heile, då det vil vere vanskeleg å kontrollere alle russebilane og alle personane.

Countryfestivalen: – Kan bety at festivalen ikkje er liv laga

Arve Kleppe, dagleg leiar for Norsk Countrytreff på Breim, klarer ikkje sjå korleis dei skal klare å handheve lova.

– Då må vi ransake alle campingbilar og deltakarar på festivalen. Det vil bli nærmast umogleg, seier han til Firda.

Arve Kleppe, kst dagleg leiar Norsk countrytreff,

Arve Kleppe, kst dagleg leiar Norsk countrytreff, Foto:

I dag leiger dei vakttenester frå eit privat selskap, og er omkring 23 vakter. I tillegg fortel Kleppe at dei leiger inn politi for fleire hundre tusen kroner, og at dei også har eigne vakter.

Kleppe trur den nye lovendringa vil medføre eit auka behov for vaktpersonell, og med det stig kostnadane.

– På countryfestivalen er jo nettopp campen noko av det som dreg gjester, korleis trur du dette vil bli motteke av folket?

– Det er det store spørsmålet. La oss seie at halvparten av gjestene no ikkje kjem, då er jo ikkje festivalen liv laga. Eg veit nesten ikkje kva eg skal seie, men for oss verkar dette merkeleg, seier Kleppe.

På spørsmål om han ser noko positivt med endringa ettersom at politiet openbert gjer det for å få meir skjenkekontroll, svarar han følgande:

– Vi har drive festival i 25 år, og vi har sjeldan hatt noko problem. Akkurat no slit eg med å sjå noko positivt, seier han.

Festivalsjefen veit at mange arrangørar no jobbar med korleis dei skal handtere dette.

– Vil dette gjelde for vanlege parkeringsplassar og campingplassar også? Det vil vere mange arrangement som kan bli råka. Kva med til dømes Landsskyttarstemnet? spør Kleppe.

Malakoff: – Tek ikkje sorgene på forskot

Med 12.000 festivaldeltakarar og 5000 gjester på festivalcampen er Malakoff Rockfestival den største festivalen i fylket som blir råka av regelendringane.

Festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal - Malakoff 2017

Festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal - Malakoff 2017 Foto:

– Vi såg dette i helga, og vi skal no byrje å diskutere kva dette vil ha å seie for Malakoff, seier festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal.

Han er tydeleg på at dei ikkje vil ta sorgene på forskot, og har trua på at ein skal klare å få på plass løysingar saman med dei som står for skjenkeløyva og dei som skal handheve lova.

– Men når vi har den største festivalcampen i fylket, så er det klart at dette kan bety store endringar, seier Naustdal.

Malakoff festivalcamp

Malakoff festivalcamp Foto:

Artikkeltags