Adam Douglas kjem med ny musikk

Frå innspelinga av den nye plata til Adam Douglas, som kjem 7. september.

Frå innspelinga av den nye plata til Adam Douglas, som kjem 7. september. Foto:

DEL

Adam Douglas tok Norge med storm då han i fjor haust gjekk heilt til topps i songkonkurransen "Stjernekamp", med si mektige stemme og varme personlegheit. 7. september gir han ut sitt andre soloalbum.

Frå før har han ein imponerande diskografi som medverkande på over eit dusin utgjevingar.

- Det er alltid spennande å gi ut ny musikk, men eg kjenner spesielt mykje på både nervøsitet og stoltheit denne gongen, fordi materialet er så personleg, seier Douglas.

Albumet, med namnet "The Beauty and the Brawn" består av ti låtar som er skrivne av artisten sjølv. Albumet vart spelt inn i Geir Sundstøls analoge studio, som er bygd inn i ei leilegheit i Oslo.

- Studioet hadde den perfekte atmosfæren for det eg ville oppnå med albumet, seier Douglas, og forklarar innspelingsprosessen:

- Etter ein kort gjennomgong av låten saman med musikarane, sette vi bandet på opptak, og det neste som hende er det ein høyrer på plata.

Inspirasjonen er mellom anna henta frå dei amerikanske røtene hans, der ein kan spore alt frå country og gospel til rock og blues. Det er tydeleg at kvalitet og autensitet står i fokus for Douglas.

- Eg er svært nøgd med heilskapen. Plata er langt frå perfekt, og det er det eg elskar ved den. Albumet er veldig ekte, og veldig "Adam", sler han fast.

Douglas har hatt ei travel tid etter sigeren i fjor, med over 60 konsertar så langt i år og 23 julekonsertar som ventar i november og desember. Douglas kjem ikkje til "heimtraktene" med julekonserten sin, men spelar i Grieghallen i Bergen 10. desember.

 

 

 

Artikkeltags