Fredag ettermiddag opnar utstillinga «Flora-album» i første etasje i Hjørnevikhuset i Strandgata. På kvelden blir det konsertar med lokale og nasjonale artistar i etasjen over, på «Hagen».

Arrangementet har fått tittelen «Ad undas, Florø?», og bak arrangementet står fire studentar frå faget Kulturfagleg formidling ved Universitetet i Bergen.

– Ad undas er eit uttrykk som vert brukt når noko er mislykka eller går til grunne, men studentane trur likevel ikkje Florø vil gå til grunne.

Utstillinga består av ei stor fotomontasje med bilde samla inn frå florøfolk sine private album tidlegare i år. I tillegg vert fleire digitale forteljingar presentert på skjerm, der eldre historier frå byen vert formidla.

Artistar som skal spele på Hagen er mellom andre Kurt-Arve Washburn, bandet Carlsen frå Bergen, Silje Larm frå Oslo og DJ tlarm.