50 brasstalent samla til korpsleir

Bård Melvær, Elise Mulelid, Asora Humlestøl, Thomas Knutsen, Helge Indrevær, Erlend Henden, Gøran Humlestøl, Tore Person Sande og Martin Grotle.

Bård Melvær, Elise Mulelid, Asora Humlestøl, Thomas Knutsen, Helge Indrevær, Erlend Henden, Gøran Humlestøl, Tore Person Sande og Martin Grotle. Foto:

Artikkelen er over 8 år gammel

Over 50 små og litt større brassbandengasjerte var samla til sommarleir på Torvmyrane skule førre veke.

DEL

– Brassbandleiren har vore kjempeflott. Vi har spela, spela, spela og atter spela, seier Bård Melvær og Erlend Henden. Melvær har vore instruktør for dei noko yngre og håpefulle brassmusikantane sidan torsdag. Med på sommarleiren er barn og ungdom frå mellom anna Florø, Bremanger og Eikefjord.

Men det har også vore tid for andre ting enn speling. Kjærleik, kanskje. Fotballkampar. Diskotek. Og mykje sosialt attåt.

– Vi kjenner kvarandre litt frå før. Men vi har vore med på ein del her, mellom anna bli-kjend-leikar. Så no har vi eigentleg blitt kjend med gamle vener, seier Erlend Henden.

Sommarleiren er det Florø skoles musikkorps som arrangerer. Leiren vart avslutta med konsert for foreldra i gymsalen på Torvmyrane.

Artikkeltags