50 årsjubileum trakk alle mann av huse

1-7 klasse synger og underholder under feiringa av Svelgen skule

1-7 klasse synger og underholder under feiringa av Svelgen skule Foto:

Av
Artikkelen er over 9 år gammel

Laurdags ettermiddag var Svelgen nærmast mørklagd, då alle hadde sløkte lysa heime og tatt turen til idrettshallen for å feire Svelgen skule sin 50 årsdag.

DEL

For der var ikkje eit einaste sete ledig, korkje på golvet eller på tribunen i idrettshallen denne novemberettermiddagen, då svelgarane samlast for å feire bygda sitt samlingspunkt, skulen.

Det vart ei rørande og fin 50 årsfeiring. Nærare 600 menneske fekk plass i den smekkfulle salen, og var med på å skape ei god stemning.

Det varierte og innhaldsrike programmet gjorde sitt til at det var litt å hente for ein kvar smak.

Både tidlegare og noverande elevar underheldt med song og musikkinnslag. Og som med kvar ei feiring må der ei stor kake til. Den fem meter lange jubileumskaka skulle symbolisere kvart tiår med ein meter. Svelgen Hotell hadde laga kaka, og dei fekk mykje skryt for den.

Artikkeltags