Stedje serverte mellom anna viser frå den gongen på 70-talet han reiste rundt saman med Dag Skram og song og spelte, i tida før gjennombrotsplata i 1981. Derifrå fekk vi eit variert utval både frå 80 og 90-talet, og sjølvsagt "Ein nordmann sin draum" og "Vi vandrar saman". Sistnemde song i lag med Koriander to gonger. Korarragementet var av Kurt Rylandsholm.

Det vart ein konsert for både dei store og dei små, og Stedje henta også fram små triks frå førskuleltida. Vi fekk høyre om mannen som spelar på ei ause, mikkel rev og hompetitten noko borna sette stor pris på.

Supportersongen til superlaget Sogndal "Stao no pao" var ikkje sjølvskriven, men då nett heimattkomne Gro Rjukan framførte ønsket frå son sin, var ikkje Stedje tungbeden.

Les meir i papiravisa tysdag