NORDLANDSBUNAD: I eitt år har Linda sydd på Nordlandsbunaden. På 17. mai er første gong den skal brukast.
Maiken Aannevik Solbakken

Med hjarte, nål og tråd for tradisjonens skuld

Når ho var konfirmant ville ho ikkje sjå ut som ei budeie. I år skal Linda Modin Henriksen vise fram si nordnorske kulturarv, med ei hjelpande hand frå Esma Kucevic Hugøy.
Publisert

I helga har to damer hatt nål og tråd i hendene frå morgon til kveld. Berre fire dagar før nasjonaldagen sit dei med ein stor jobb - montering av ein bunad bit etter bit, sting for sting. Med hjarte for tradisjon og kultur jobbar dei på høgste gir for å kunne gå i nasjonaldrakta på nasjonaldagen.

Det er Linda Modin Henriksen sin bunad som skal settast saman. Og den gode hjelparen som sikrar at bunadsprosjektet, som har tatt eit år, kjem i hamn er Esma Kucevic Hugøy.

Flatpakka bunad

For eitt år sidan bestemte Linda seg for å få seg sin første bunad. Det var ein lang ved å gå frå då ho bestemte seg for å lage sin eigen bunad, og bestilte eitt sett frå Bunadsstua i Harstad. All broderinga Linda hadde gjort i forkant var enkle korssting. Då pakken kom fram var riktignok alt materialet på plass, med tråd og stoff og alt som var naudsynt for å lage bunaden, men forklaringa på korleis ein skulle gå fram var heller skral. Alt Linda fekk som instruksjon var eit lite heftet på fire sider med enkle bilete av det som forhåpentlegvis skulle verte det endelege resultatet.

Kort tid etter stod ho med flatpakken på døra til Esma Kucevic Hugøy. Ho har sydd, montert og tilpassa bunadar i 18 år, og er ei dreven syerske. Esma, som alltid har eit smil på lur, bryt ut i latter.

- Du skulle sett fjeset hennar når ho stod på døra med flatpakken i hendene. Ho såg heilt fortapt ut, seier ho.

Ho visste råd og visste kjapt korleis Linda skulle lage kontursting.

Esma Kucevic Hugøy hjelper Linda Modin Henriksen med montering av Nordlandsbunaden ho har sydd sjølv.

Esma Kucevic Hugøy hjelper Linda Modin Henriksen med montering av Nordlandsbunaden ho har sydd sjølv. Foto:

- Eg viste henne berre eit sting og så var vi i gang. Ho lærte fort. Berre sjå på kva ho har fått til, seier Esma stolt.

Det første stinget vart sett den 28. juni i 2015. No, under eit år seinare og utallege timar med nål og tråd, er alle broderia ferdige. Fredag, fire dagar før den store bunadsdagen, byrja dei monteringa. I helga har dei brukt timesvis på å montere bunaden.

"No er eg fri, har levert ut dei siste tre bunadane og kan fokusere heilt og holdent på din, Linda!" sa Esma då dei skulle byrje arbeidet. Lettare sagt enn gjort, for nesten før ho hadde avslutta setninga kom det tre nye springande inn døra med behov for umiddelbar hjelp. 17. mai er tross alt berre nokre dagar unna.

- Dei seier nokon har lurt  seg inn i skapet og sydd han mindre, seier ho og ler medan ho kastar hovudet bakover. No heng dei fint på rad og rekke i "bunadsstova" til Esma.

- Men hjelp skal dei få. Eg er berre glad for å kunne vere til nytte, seier Esma.

Dyrbart arbeid

Prisen på Nordlandsbunaden i butikk er svimlande høg. Tradisjonen tru skal ein ha bunad frå plassen ein er i frå. Linda har slekta si i Narvik og budde sjølv i byen i nord fram til ho var sju år gammal. At ho som nordlending skulle ha ein nordnorsk bunad var det aldri noko tvil om. Men prisen på nordlandsbunaden er ikkje låg. Om du ikkje ønskjer å gjere noko av arbeidet sjølv, endar det fort minimum 50 000 kroner. Det er mange små sting som skal settast for å lage dei fleirfarga broderia på stakk, vest og veske.

- Kor mange sting vert det då?

- Det er mange! Du burde heller spørre meg om kor mange gongar eg har stukket meg i fingeren. Eg skal innrømme eg har hatt lyst å hive heile bunaden i peisen fleire gonger, seier Linda leande.

Esma Kucevic Hugøy hjelper Linda Modin Henriksen med montering av Nordlandsbunaden ho har sydd sjølv.

Esma Kucevic Hugøy hjelper Linda Modin Henriksen med montering av Nordlandsbunaden ho har sydd sjølv. Foto:

Inga budeie

Estimat peikar på at så mange som 75 prosent av alle norske kvinner har bunad. Det vil sei at det heng kring 1,5 millionar bunadar rundt om kring i Noreg.  For mange betyr det at ein får bunaden i konfirmasjonsalder. Den gongen  ville ikkje Linda ha bunad.

- Når eg konfirmerte meg ville eg ikkje ha bunad. Det siste eg ville var å sjå ut som ei budeie, seier ho.

Eg kjem til å strigrine når eg står der i nordlandsbunaden med klassen min på 17. mai og nasjonalsangen vert spelt

Vendepunktet kom etter Linda budde i USA. Når ho kom attende var tankane om å få seg bunad allereie byrja å svirre i hovudet hennar, og på nasjonaldagen i fjor bestemte ho seg.

- Den tida eg budde i USA lærte meg å verdsette norsk kultur og tradisjonar. Dessutan er eg kunst- og handtverkslærar så det skulle eigentleg berre mangle, seier ho.

På 17. mai er håpet at bunaden skal vere ferdig. Då skal ho gå i borgartoget med første klassen ho er lærar for.

- Eg kjem til å strigrine når eg står der i nordlandsbunaden med klassen min på 17. mai og nasjonalsangen vert spelt, seier ho.

Uvurderleg hjelp

- Esma er god som gull. Eg veit rett og slett ikkje kva eg skulle gjort utan ho, seier Linda medan ho nøysamt held på å rynke kanten på stakken.

Ifølge Norsk institutt for bunad og folkedrakt er det berre 3000 personer i Norge som tek på seg den tidskrevjande jobben med å sy bunader. Esma er ei av desse. Men vegen til å bli den drevne bunadsmakaren Esma er i dag fekk ein brå start. Det heile byrja når mannen Otto skulle fylle 30 år. Då bestemte Esma seg for å sy ein bunad til mannen hennar og seg sjølv. Resultatet blei ein vakker herrebunad i ekte Sunnfjorsk stil, og den klassiske sunnfjordsbunaden med grøn vest.  Før ho byrja hadde ho hverken hatt bunad, eller sett nokon lage det. Men det hjalp at ho hadde utdanning i tekstil- og produksjonsdesign frå heimlandet Serbia.

- Eg bestemte meg tre månader før 17. mai og sette i gong. Etter det byrja folk å komme til meg for råd og hjelp. 18 år seinare har eg laga kring 30 bunader, seier Esma.
 

Esma Kucevic Hugøy hjelper Linda Modin Henriksen med montering av Nordlandsbunaden ho har sydd sjølv.

Esma Kucevic Hugøy hjelper Linda Modin Henriksen med montering av Nordlandsbunaden ho har sydd sjølv. Foto:

Det er berre sunnfjordbunaden Esma sjølv lagar. Sjølv om ho velvillig tilpassar alle slags bunadar, held ho seg til bunaden som kjem frå plassen ho sjølv kaller heime.

- Det vert feil for meg å byrje å lage bunadar frå andre plassar. Det er her eg bur, seier ho.

- Kunnskap er til for å delast


I 2016 kan ein bestille eldgammalt, norskt tradisjonshandtverk på internett - rett frå Kina og Aust-Europa. Ein kan gå på 17. mai med ein bunad som er sydd med maskin i Asia eller Aust-Europa. Med billegare arbeidskraft, kjem også ein billegare pris. Det er derimot mange som vil halde på norsk tradisjon og sikre seg at kunnskapen går vidare.

- Det å vere ein del av dei som tek vare på norsk tradisjon har ein høg verdi for meg. Eg er veldig glad for at eg får vere med å bringe desse tradisjonane vidare, seier Esma.

Og om andre også ønskjer å vere med på laget, er ikkje Esma vanskeleg å be.

- Om nokon treng hjelp er det berre å komme. Kunnskap er til for å delast og det er viktig at vi ivaretek slike tradisjonar, seier Esma bestemt.

Men sjølv om internett og dagens verdsmarknad har gjort det mogleg å kjøpe bunad i utlandet, kan ein nytte moderne hjelpemiddel også til å fremme gamle tradisjonar. For Linda vart hjelpa ei gruppe for Facebook. I gruppa "For oss som liker nordlandsbunaden" traff Linda på Anne Norr.

- Eg har aldri møtt ho før, men eg har chatta med ho kvar dag det siste året. Ho byrja på sin første Nordlandsbunad ein månad før meg, så med ein gong eg hadde spørsmål visste ho alltid kva eg snakka om, fortel Linda.

Artikkeltags