No skal Krokane skule få eit etterlengta løft

Uteområdet på barneskulen skal få ei skikkeleg ansiktsløfting.

DEL

Over to mål med uteområde rundt Krokane skule i Florø skal no få ei stor oppgradering.

Området skal masseutskiftast, og det skal lagast seks ulike soner med forskjellige aktivitetar. Her blir det eit eldorado for aktive skulebarn.

Det skal byggast sykkelparkering, med 80 plassar under tak. Vidare skal det lagast ein balansering med klatrenett, rampeline og balanseplankar, eit parkour-område med dekkorm og balansebane, og eit klatreområe med stativ, klatredyr og gummikuler.

Det blir også eit område for balleik, også i denne sona skal der vere klatresone og balansering. Skulen skal også få eit atrium, som blir eit amfi av steinblokker, med eit scenedekke av brustein.

Heile prosjektet er no lyst ut på anbod i Doffin-portalen. Det har allereie vore synfaring for interesserte firma, men anbodsfristen er sett til 25. april.

Det er planlagt å gjennomføre dialog med tre til fem tilbydarar, og pris er det viktigaste tildelingskriteriet for oppdraget, skriv innkjøpsleiar i Flora kommune, Arve Klokk, i Doffin.

Artikkeltags