Kristin (39) slåst for det grøne skiftet

HYDROGENSJEF: Kristin Svardal (39) er prosjektleiar for Hyway Ocean Cluster.

HYDROGENSJEF: Kristin Svardal (39) er prosjektleiar for Hyway Ocean Cluster. Foto:

TEMA: Kristin Svardal er ny prosjektleiar for hydrogensatsinga Ocean Hyway Cluster.

DEL

Etter å ha jobba som seniorkonsulent logistikk i det som no er Equinor, gjekk Kristin Svardal i desember 2017 over i jobb som forretningsutviklar i Hub for Ocean. No, to år seinare, har ho blitt prosjektleiar for Hub for Ocean sitt hydrogenprosjekt Ocean Hyway Cluster. Klynga skal vere den viktigaste katalysatoren for utvikling og bruk av hydrogen i maritim sektor i Norge.

For tobarnsmammaen som er fødd, oppvaksen og busett i Florø er livet blitt eit hakk meir hektisk etter at ho vart prosjektleiar. Då er det viktig å prioritere rett.

– Eg liker å ha det travelt, og eg ser at ein i denne jobben fort kan ende opp med å jobbe døgnet rundt. Men eg blei enke for nokre år sidan, og har åleineansvaret for to jenter; Lisa på 8 år og Maja på 10. Så sjølv om jobben krev mykje tid og merksemd av meg, har eg alltid vore tydeleg på at eg prioriterer tid med jentene mine høgare enn jobben, seier Kristin og strekar under at familie som stillar opp, i kombinasjon med eit godt team, gjer at ho kan ta denne jobben og samstundes kunne ha tid til å følge opp døtrene sine på ein god måte.

– Eg er heldigvis ikkje åleine. Eg har mange gode kollegaer rundt meg som bidrar mykje i ein travel kvardag: I Ocean Hyway Cluster har eg Trond Strømgren, Mark Purkis, Maria Brandsøy og Stein Kvalsund med meg, og i tillegg kjem dei fine kollegaene eg har i Hub for Ocean. Vi er eit godt team som komplementerer kvarandre både i kunnskap og kompetanse, legg Kristin til.

(Artikkelen held fram under bildet).

Team Ocean Hyway cluster: F.v.: Stein Kvalsund, Trond Strømgren, Mark Purkis, Kristin Svardal og Maria Brandsøy.

Team Ocean Hyway cluster: F.v.: Stein Kvalsund, Trond Strømgren, Mark Purkis, Kristin Svardal og Maria Brandsøy. Foto:

I front for grønt skifte

Svardal legg til at det å vere prosjektleiar i Ocean Hyway Cluster er ein heilt annan målestokk å jobbe etter, enn då ho jobba som forretningsutviklar i Hub for Ocean.

– Som næringsutviklar jobba eg tett mot næringslivet. Det gjer eg no også, i Ocean Hyway Cluster, men meir på eit nasjonalt nivå enn eg gjorde då, seier Kristin.

I tillegg ber hydrogenfeltet preg av høg grad av innovasjon: Hydrogen har vore produsert i Norge i vel hundre år, men å nytte hydrogen som drivstoff i maritim sektor er relativt nytt. Næringa er klare til å bygge sjølve fartøya som skal gå på hydrogen.

– Det vi må fokusere på no er den maritime tilpassinga, blant anna etablering av ein marknad for hydrogen, i tillegg må vi få på plass støtteordningar. Men eg ser mange moglegheiter framover, og meiner hydrogen vil spille ei viktig rolle framover for å redusere klimagassutslippene i maritim sektor, seier Svardal og legg til at det er spesielt ein ting som motiverer:

– Mange snakkar om det «grøne skiftet». Arbeidet vi gjer i lag med medlemsbedriftene er konkrete tiltak som vil ha god effekt. Satsinga på hydrogen blir ei viktig brikke for å nå nullutsleppsmåla, seier ho.

– Vi er klare

Sidan Ocean Hyway Cluster blei etablert i januar, har hydrogenklynga vakse jamt og trutt. Om ein ser Ocean Hyway Cluster og Hub for Ocean under eitt, er det no 100 tilknytte selskap og forskingsinstitusjonar som er med i nettverket. Mellom anna leier Institutt for energiteknikk (IFE) ei arbeidsgruppe som ser på hydrogenbasert infrastruktur. Målet er å teikne eit vegkart for hydrogen-verdikjeda i maritim sektor framover. Der ser ein også på alt frå forsking, teknologi, innovasjon, utdanning, finans og politikk som må til.

– I denne arbeidsgruppa blir det i dag arbeidd med viktige barrierar som må overkommast og viktige spørsmål som må svarast på. Og så håper vi det endar ut i nye prosjekt som jobbar fram konkrete løysingar, seier Svardal.

I tillegg fatta Vestland fylkesutval vedtak om miljøvennlege hurtigbåtar denne veka.

– Vedtaket fylkesutvalet no har gjort er eineståande i verda og bidreg til at norsk næringsliv kan styrke sin leiande maritime posisjon. Den vidare satsinga på nullutsleppsløysingar der hydrogen er eit av svara, kan gje store utviklingsmoglegheiter framover. Toget går no, næringa er klare til å levere løysingane, og då er den offentlege innkjøpsmakta ein viktig utløysande faktor. No er det viktig at styresmaktene følgjer opp med midlar som kompenserer for dei ekstrakostnadane Vestland fylkeskommune får ved innføring av nullutsleppsteknologi, og dette vil OHC følgje opp, avsluttar Svardal.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken