Krisesenteret overvelda av gjevargleda

Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

På Krisesenteret er dei overvelda og takksame for alle julegåvene dei fekk til julefeiringa.

DEL

Det seier leiar Wenche Hovland på Krisesenteret i Florø.

Ho fortel at Comfort Hotell og Quality Hotell i Florø har dei siste tre åra hatt pakkeaksjon til glede for alle barn og vaksne som har opphald på Krisesenteret i jula! Det har stått juletre i lobbyen på hotella i advenstida og imponerande mange menneske har vore innom og lagt pakkar under trea.

Juletre har stått i lobbyen på hotella i adventstida og imponerande mange menneske har også i år vore innom og lagt pakkar under trea.

- Vi som arbeider på Krisesenteret synes det er fantastisk at også barn og ungdom tenkjer på og vil glede andre barn som på grunn av vold har flykta frå heimen sin saman med mor og som må bu på krisesenteret i ein periode. Det er så viktig at det vert skapt glede og fine stunder for barn i en vanskelig situasjon, der dei får oppleve ei god julefeiring med ulike juleaktivitetar og ikkje minst julegåver. Mange av dei som søker hjelp på Krisesenteret har dårlege erfaringar med jul. For menneske i krise betyr omtanke, støtte og empati frå medmenneske meir enn ord kan beskrive. Vi ynskjer å takke alle som har gitt gåve til bebuarane på Krisesenteret og bidrege til ei fin juleoppleving med gåver, god julemat og alt som høyrer til.  Alle på Krisesenteret, - bebuarar og tilsette, vil sende varm takk til Siv og Leni på hotella og alle medmenneske rundt omkring som har vist omtanke og raushet for barn og vaksne i ein vanskeleg og sårbar situasjon, seier Wenche Hovland.

Godt nytt år til alle frå Krisesenteret i Sogn og Fjordane

Artikkeltags