– Løft blikket ut av julekosen

Yasmin har levd i fangen med mishandling og sexslaveri sidan ho var ti år. Wenche Hovland tok imot Yasmin på krisesenteret.

Yasmin har levd i fangen med mishandling og sexslaveri sidan ho var ti år. Wenche Hovland tok imot Yasmin på krisesenteret. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Det er oppmodinga frå gjengen i A til Å som no har starta ei støttekampanje for Yasmin.

DEL

Advent betyr ventetid og ei som har venta lenge er Yasmin. Frå Yasmin var ti år levde ho i fangenskap med mishandling og sexslaveri. Du kan lese meir om historia til Yasmin her. Dei siste sju åra har ho fått hjelp av krisesenteret i Florø. Kommunikasjonsbyrået A til Å fann ut at dei ikkje berre kunne sitje stille, så dei har no laga ei kampanje på dugnad, for støtte til Yasmin.

– Det skjer mykje trist ute i verda, men Yasmin bur ikkje ute i verda. Ho bur her i Florø, seier Anita Øygard frå A til Å.

Vanskelege historier

Dei har arbeidd mykje med Krisesenteret og fortel at dei gjennom dette får høyre historier som det er særs vanskeleg å begripe:

– Eg trur ikkje dei fleste av oss skjønner kor gale det faktisk er, fortel Øygard og legg til:

Kommunikasjonsbyrået A til Å vil hjelpe å samle inn pengar til Yasmin. Frå venstre: Malvin Horne, Anita Øygard og Trond Sagen.

Kommunikasjonsbyrået A til Å vil hjelpe å samle inn pengar til Yasmin. Frå venstre: Malvin Horne, Anita Øygard og Trond Sagen. Foto:

– Vi tek ofte for gitt kor godt vi har det. Særleg no i jula, når vi er saman med familien og hyggar oss med julekosen, det er då det er viktig å løfte blikket. Vi må vakne og hjelpe dei som ikkje har det så bra.

– Yasmin er transportudyktig

Wenche Hovland, leiar på krisesenteret, fortel at Yasmin for første gang i livet føler seg trygg. Likevel har myndigheitene no bestemt at Yasmin skal sendast tilbake til Ungarn, der ho ein gong fekk innvilga opphald.

– Yasmin er det vi kallar for ein «dubliner». Norge er med i Dublin-avtalen, som vil seie at dei asylsøkarane som kjem til Norge, kan bli sendt tilbake til det landet dei først søkte asyl i. For Yasmin er dette i Ungarn, men ho har ikkje sjølv søkt om dette. Det vart gjort av det vi antar er ein bakmann, seier Hovland.

Ho seier at saka ikkje er realitetsbehandla i Norge grunna Dublin-avtalen, men at det kan gjerast unntak om du er særleg sårbar. Ho fortel at Yasmin ikkje berre er sårbar, men også transportudyktig:

– Helsetilstanden til Yasmin har blitt betydeleg forverra. Ho går inn og ut av bevisstlause tilstandar når ho blir utrygg, og blir redd om eg er borte frå jobb, seier Hovland.

Overlever ikkje i Ungarn

Ho fortel at det som venter Yasmin i Ungarn er ei feltseng og ein suppestasjon.

– Det er eit uteliggerliv. Ho får tilbod om ei madrass å sove på om natta, og det er alt. Ho kjem ikkje til å overleve om ho blir sendt til Ungarn, streker Hovland under.

No håpar gjengen frå A til Å at alle tek seg tid til å lese annonsa deira, og forhåpentlegvis bidra med ein slant. Ein kan overføre til kontonummer 3705.28.88019, oppretta av Krisesenteret og som er øyremerka Yasmin. Vipps er også ein måte å gje pengar på, då til nummer 47245678.

Hopland er veldig takknemleg for all støtte:

– Krisesenteret har ikkje driftsbudsjett, og vi er difor heilt avhengig av gåvemiddel for å kunne gi Yasmin det ho treng. Vi blir veldig glade for alle som vil bidra, avsluttar ho.

Artikkeltags