Gå til sidens hovedinnhold

Kringom er blitt historie

Skyss og Kringom slår seg saman.

(SOGN AVIS) Etter at Hordaland og Sogn og Fjordane slo seg saman, er også dei offentlege busselskapa Skyss og Kringom blitt slått saman.

– Då treng vi eit betre namn, seier fylkesdirektør for mobilitet og kollektivtransport Håkon Rasmussen til NRK.

23 millionar i forskjell

No har fylkesrådmannen innstilt på at Skyss blir det nye namnet på selskapet, medan Kringom, som i 2016 vart kåra til det beste norske bedriftsnamnet av Språkrådet, blir droppa.

Rasmussen seier fordelane med Skyss er fleire enn med Kringom og at det er lagt ei fagleg utgreiing til grunn, i tillegg til at det vil kosta mindre å omprofilera.

Dersom Kringom skulle ha blitt namnet, ville det ha kosta om lag 30 millionar kroner å endre namn på bussane, medan dersom alt blir Skyss, vil det til samanlikning koste om lag sju millionar.

– Det er fordi det er fleire bussar og bybaner med Skyss-profil, er forklaringa.

Kommentarer til denne saken