Tiltalt for å ha slått kona og teke halsgrep på henne

MÅ SVARE FOR VALD: Ein mann i 40-åra blir no tiltalt for vald mot kona si etter ein episode i Florø i august 2018.

MÅ SVARE FOR VALD: Ein mann i 40-åra blir no tiltalt for vald mot kona si etter ein episode i Florø i august 2018. Foto:

FLORØ: Ein mann i 40-åra må møte i tingretten etter å ha blitt tiltalt for vald mot kona si.

DEL

Politimeisteren i vest har teke ut tiltale mot ein mann, etter at mannen i fjor sommar blei valdeleg mot kona si. I ein bustad i Flora slo mannen først kona si fleire gonger i ansiktet, med opa hand.

Deretter tok mannen halsgrep på kona, og valden førte til at ho enda med sår både i ansiktet og på halsen.

No står mannen tiltalt for brot på straffelovas paragraf 271 sitt første ledd, «for å ha øvet vold mot en annen person eller på annen måte krenket ham fysisk». Paragrafen, som er oftast omtalt som kroppskrenking, har ei strafferamme på anten bøter eller eit års fengsel.

Artikkeltags